Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja, eller frikyrkja som den dagleg kallast, vart stifta i 1877 i Arendal og er eit landsdekkjande kyrkjesamfunn med over 80 kyrkjelydar og meir enn 21 000 medlemer. Frikyrkja si Ytremisjon driv misjonsarbeid i Etiopia, Mali, Taiwan, Japan og Israel, medan landsmisjonen prioriterer evangelisering og planting av kyrkjelydar i Noreg. Dei siste 20 åra har Frikyrkja planta om lag 20 nye kyrkjelydar. FriBU (Frikyrkjas born og unge) er ein eigen organisasjon for born og ungdom med omkring 8 000 medlemmar. Frikyrkja driv også Fredtun Folkehøgskule (Stavern) og i samarbeid med Normisjon, Høgskulen i Staffeldtsgate (Oslo) og Gå ut senteret (Hurdal)

Frikyrkja bygger på Guds ord og den evangelisk lutherske kyrkja si vedkjenning. Frikyrkja meiner at dei som er døypte og vedkjenner seg trua skal ha styringsrett i kyrkja. Kyrkja må ha økonomisk sjølvråderett, ansvar for å kalle sine medarbeidarar, samt ansvar for kyrkjeleg lovgjeving.

Frikyrkja sitt høgste organ er synoden. Denne er samansett av representantar frå samtlege av kyrkjelydane. Synoden har ansvar for kyrkja sitt fellesarbeid og vedtek lover og reglar for kyrkjesamfunnet. Frikyrkja er inndelt i presbyterie (regionar). Presbyteriet har tilsynsansvaret for kyrkjelydane i sitt distrikt.

Kyrkjelydane vert leia av pastor og eldsteråd. Hovedpastor har det øvste daglege ansvaret. Eldsterådet er samansett av menn og kvinner som vert ordinert til denne tenesta. Diakontenesta omfattar oppgåver i kyrkja der det ikkje trengs ordinasjon, slik som diakoni, møtevertteneste og økonomi. Eldsteråd og diakonråd utgjer kyrkjelydsrådet.

Frikyrkja er ei "Alt i ett"-kyrkje på luthersk grunn. Her er gudstenestefellesskap og fellesskap og indre- og ytremisjon, diakoni og arbeid blant barn og unge. I same kyrkjelyd kan ein få utfordringar for heile kristenlivet. Frikyrkja er ei treenigheitskyrkje, med Kristus i sentrum. Berre han kan sette fri og berre i Kristus kan vi som kristne leve ut vår fridom.

Som Evangelisk Luthersk kyrkje vil vi vere tru mot Guds ord og den lutherske vedkjenning. Frikyrkja er ei kyrkje, ikkje berre ein organisasjon. Frikyrkja er ein fri kyrkje. Fri til sjølv å bestemme i alle kyrkjelege spørsmål. Våre kyrkjefedre braut i si tid med staten for å stå fritt, berre bunden av Ordet. Denne fridomen medfører også ansvar, både åndeleg og praktisk.