PROGRAM

I dag:
11:00 Langfredagsgudsteneste
Neste 6 dagar:
Laurdag
20:00 fx HERØY
Søndag
11:00 Familiegudsteneste
Måndag
18:00 Konfirmantsamling
Onsdag
17:30 Lisjefrik og Baluba øver
19:00 Joyful
19:00 KRIK i hallen
Torsdag
16:30 Happy Hearts øver
18:00 Speidar
20:00 Pusterom
Fasteaksjonen 2018
Konfirmasjon

INFO

Vil du bli medlem i Frikyrkja?
Lurer du på kva Frikyrkje er, eller har du tenkt på å bli medlem i Herøy Frikyrkje? Ta kontakt hvis du lurer på noko vedrørande medlemskap i Frikyrkja (telefon: 70087800 og epost: heroy@frikyrkja.no)

DAGENS BIBELORD

Matt 26,30-27,50

30 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 31 Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive:
Eg skal slå gjetaren,
og sauene skal spreiast.
32 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.» 33 Peter tok til orde og sa: «Om så alle vender seg bort frå deg, skal eg aldri gjera det.» 34 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» 35 Men Peter sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa alle dei andre læresveinane. 36 Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45 Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.» 47 Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane og dei eldste i folket. 48 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!» 49 Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han. 50 Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.
51 Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han. 52 Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd. 53 Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar? 54 Men korleis kunne då skriftene bli oppfylte, dei som seier at dette må henda?» 55 I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. 56 Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.»
Då forlét alle læresveinane han og rømde. 57 Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg. 58 Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene for å sjå korleis det kom til å enda.
59 Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. 60 Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to 61 som sa: «Denne mannen har sagt: ‘Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.’» 62 Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til vitneutsegnene mot deg?» 63 Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud. Sei oss: Er du Messias, Guds Son?» 64 Jesus svara: «Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene.» 65 Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga. 66 Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.» 67 Så spytta dei han i andletet og slo han med knyttnevane. Nokre slo han i andletet 68 og sa: «No kan du vera profet for oss, Messias. Kven var det som slo deg?» 69 Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du òg var saman med denne galilearen Jesus.» 70 Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.» 71 Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.» 72 Peter nekta på nytt og svor på det: «Eg kjenner ikkje den mannen!» 73 Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.» 74 Då sette han i å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Straks gol hanen. 75 Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

1 Då det vart morgon, tok dei eldste i folket og alle overprestane avgjerd om å få Jesus drepen. 2 Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus. 3 Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og gjekk tilbake til overprestane og dei eldste med dei tretti sølvpengane 4 og sa: «Eg har synda. Eg sveik skuldlaust blod.» Men dei svara: «Kva kjem det oss ved? Det blir di sak.» 5 Då kasta han pengane inn i tempelet og forlét staden. Og han gjekk bort og hengde seg.
6 Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.» 7 Så vart dei samde om å kjøpa Pottemakaråkeren for pengane og bruka han til gravstad for framande. 8 Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag. 9 Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
Dei tok dei tretti sølvstykka,
det som han var verdsett til,
han som Israels born lét verdsetja,

10 og gav dei for Pottemakaråkeren,
slik Herren baud meg. 11 Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus. 12 Men då overprestane og dei eldste kom med skuldingane sine mot han, svara han ikkje. 13 Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alle vitnemåla mot deg?» 14 Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg mykje.
15 Kvar høgtid var landshovdingen van med å gje ein fange fri, den som folket ville ha. 16 Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla *Jesus• Barabbas. 17 Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, *Jesus• Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?» 18 For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han.
19 Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»
20 Men overprestane og dei eldste overtala folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen. 21 Landshovdingen tok igjen til orde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» Dei svara: «Barabbas!» 22 «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!» 23 «Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»
24 Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.» 25 Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»
26 Då gav han dei Barabbas fri, men lét Jesus piska og gav han over til krossfesting. 27 Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken omkring han. 28 Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe, 29 fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans og gav han ein kjepp i høgre handa. Dei fall på kne for han, spotta han og sa: «Ver helsa, du konge over jødane!» 30 Så spytta dei på han og tok kjeppen og slo han i hovudet. 31 Då dei hadde hånt han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede. Så førte dei Jesus bort for å krossfesta han. 32 På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen. 33 Då dei kom til ein stad som heiter Golgata - det tyder Hovudskallestaden - 34 gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka. 35 Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. 36 Sidan vart dei sitjande der og halda vakt over han. 37 Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med skuldinga mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»
38 Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida. 39 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: 40 «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 41 Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: 42 «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han! 43 Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’» 44 Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten. 45 Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen. 46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: « Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 47 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.» 48 Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka. 49 Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.» 50 Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.

Kilde: bibel.no

SJEKK UT

Bibelen
Bibelen.no

Frikirken
frikirken.no

FriBU
fribu.no

Herøy Kyrkje
heroy-kyrkje.no

Budbæreren
budbareren.no

Påske

Påska i Herøy Frikyrkje

Vi feirer påske med disse gudtenestene:

Palmesøndag kl. 11.00: Geir Myksvoll Lande talar, lovsongsteam, kyrkjekaffi.

Skjærtorsdag kl.18.00: Nattverdsgudsteneste med Jan Løkkeborg.

Langfredag kl.11.00: Langfredagsgudsteneste.

1. Påskedag kl.11.00: Familiegudsteneste. Thea Frøystad. Dåp. Kyrkjekaffi.

Velkommen til påskefeiring!

Spørreundersøking om gudstenestene

Herøy Frikyrkje er med i læringsnettverket «Vekst». Ei av temaene handlar om gudstenestene, korleis vi kan skape gudstenester som er attraktive for den komande generasjonen. Samtalen har starta rundt dette arbeidet i menigheita og vi treng innspel på kva som er viktig for deg med tanke på gode gudstenester....meir

Vår Gud er større enn Frykten

Livet er den største gaven Gud har gitt oss, hvor vi opplever mange ulike følelser som glede og sorg, motivasjon og ubehagelige stunder med frustrasjon og ikke minst modighet og fryktet. ...meir

Internasjonal Julefest

Velkommen til Internasjonal Julefest i Herøy Kyrkje Laurdag 5. januar 2019 kl. 16:30....meir

DEN HEMMELIGE INGREDIENSEN

Jesaja 9:6: For et barn er oss født, en sønn er oss gitt. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått navnet Underfull rådgiver, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste. ...meir

Fellesmøte i Herøy med pastor Egil Svartdahl

Torsdag 14. februar til søndag 17. februar 2019 vert det fellesmøte i Herøy med TV2-pastor Egil Svartdahl. Reisa heim vert tema for samlingane. Egil Svartdahl er kjent for mange som pastor og programleiar. Svartdahl er utdanna konditor, og vart tidleg engasjert i forsamlingsarbeid. Han har vore både ungdomspastor og søppelkøyrar, og tv-programma han lagar ber preg av at han har ekte interesse for menneska han intervjuar....meir

Awana – Kva er det?

Fleire har vel no fått med seg at vi skal starte med eit nytt søndagsskuleopplegg som heiter Awana. I Herøy Frikyrkje vil det på søndagane vere søndagsskule for tre grupper: Puggles for dei på født i 2016 og 2015, Cubbies for dei født i 2014, 2013 og 2012, og Sparks for dei født i 2011, 2010 og 2009. På fredagane er det TnT for dei i 5. til 7. klasse. ...meir

Frikyrkjetreff

For et par år sidan kom det eit ynskje frå nokre om å ha eit felles arrangement for sunnmørsmenigheitene. Før i tida hadde vi leirar, haustmøte og lignande som samla mange frå menigheitene her....meir

Takkefest for Pastor Erhard Hermansen!

Velkomen til takkefest for Erhard laurdag 15. september kl. 20.00!...meir

PASTOR i heil stilling

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje i Herøy har nærare 450 medlemmar. Mange frivillige saman med ungdomsarbeidar, barne- og familiearbeidar, kontormedarbeidar og prosjektarbeidar i konfirmantarbeidet gir eit variert tilbod til barn, unge, vaksne og eldre. Vi flytta inn i nytt kyrkjebygg i 2011, og no søkjer vi etter: PASTOR i heil stilling...meir

Krafta i tilgjeving

«21 Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?»22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!» Matteus 18.21-35...meir

Familiehelg på Fjordly!
21. - 23. september

Hjarteleg velkomen til familiehelg for store og små i alle aldra på Fjordly ungdomssenter. Det blir spennande møter, eige barnemøte, ungdomssamlingar, fotballturnering, leik og friluftsliv, familiegudsteneste og mykje, mykje meir....meir

Kortreist pilegrimsøndag i gamle fotefar
Smak og kjenn på ein god tradisjon med å gå i tusen år gamle spor etter tidlegare kyrkjegjengarar.

Den tusen år gamle kyrkjestaden Herøy har nyleg vorte utpeikt som ein av dei fem nøkkelstadene i Møre og Romsdal for den offisielle Kystpilegrimsleia til Nidaros, og dei siste åra har gudstenesta under spelhelga på Herøy også vorte utvida med pilegrimselement....meir