Krafta i tilgjeving

Av: Erhard Hermansen
02/08-2018

«21 Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?»22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!»

Matteus 18.21-35


Pastor Erhard Hermansen

Gjennom nokre intervjuar denne sommaren har barndomens urett - når eg som born vart mobba og slått - vekka mange tankar i meg, ikkje minst knytt til spørsmålet «Har du tilgitt dei som slo deg?»

Sann tilgjeving er vilkårslaus. Den som har såra eller skada meg eller deg har ikkje fortent tilgjeving og har inga rett å krevje det. Derfor var det å tilgje dei som gjorde urett mot meg ikkje det same som å seie at den uretten som blei gjort var greitt, tvert om – det var og er gale, men å tilgje dei som gjorde urett gjorde noko med meg. Det sette meg fri, ja tilgjeving gjer noko med den som tilgjev. I tilgjeving ligg ei kraft til å løyse. Løyse frå bitterheit og ønskje om hemn.

Å tilgje er ikkje å bagatellisere, bortforklare eller oversjå det vonde som har skjedd, men når vi tilgjev kan sår gro. Eit betent sår verkar, det gjer ikkje eit arr, sjølv om du hugsar såret du fekk. Å ikkje ville tilgje gjer størst skade på ein sjølv. Så lenge eg ikkje vil tilgje, er eg bunden til den personen som gjorde urett mot meg.

Til sine læressveinar sa Jesus «Men når de står og bed og har noko å klaga ein annan for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar. Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar» (Mark. 11.25-26)
Og i Fader Vår ber vi «og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar».

Jesus sjølv tilgav dei som gjorde han urett. På krossen bad Jesus til sin far og sa «far tilgje dei, for det veit ikkje kva det gjer» (Luk. 23-34)

I likninga om den urettferdige medtenaren, han som av kongen fekk ettergjeven ein svimlande gjeld på 10.000 talentar, omrekna til vår tid 60 milliardar kroner, men som sjølv ikkje ville tilgje ein medtenar som skulde ham 100 denarar, rundt 100.000 kroner, fortel at kongen tar tilgjevinga tilbake! For då levde han jo fortsatt i synd.

Skal vi få leve i Guds velsigning, må vi vere villig til å tilgje andre.

Nobel fredspris-vinnaren Desmond Tutu har skrevet fleire bøker om temaet, mellom anna boka «Ingen fremtid uten tilgivelse» og seier at bodskapen om forsoning og tilgjeving er det einaste håpet vi har for å oppnå fred. Mannen som saman med Nelson Mandela framstår som sjølve symbolet på apartheid seier «Eg vil gjerne få dele to enkle sanningar med deg: Det finnes ingenting som ikkje kan tilgjevast og det finnes ingen som ikkje fortener tilgjeving»

Det ligg ei stor kraft i tilgjevinga.