Kom og sjå!

Av: Erhard Hermansen
10/06-2018

…  40 Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41 Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42 Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter. 
    43 Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44 Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45 Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef…


Johannes 1.31-51


Pastor Erhard Hermansen

Denne veka har eg vore på Frikyrkja si arbeidarsamling i Stavern. Tema har vore «Trua sitt fotavtrykk». Gjennom undervisning og samtale har vi sett fokus på kva plass trua har i mitt eige liv, i samfunnet og korleis vi formidlar det vidare til andre.

I ei svært vanskeleg tid i livet mitt fekk eg spørsmålet om korleis den krevjande situasjonen påverka mi gudstru. Eg trengde ikkje tenke lenge før eg svara «den er sterkare enn nokon gong. Det er som eit djupt avhengigheitsforhold». For meg er trua det aller viktigaste og den held meg oppe i sjølv dei tyngste stundene.

Andreas hadde høyrt det Johannes fortalde. Det forandra han og han gjekk vidare til sin bror for dele dei gode nyheitene med han. Evangeliet betyr godt nytt og er eit bodskap om Guds kjærleik til oss. Kyrkja ber eit kjærleiksbodskap, om Gud som sendte sonen sin til verda for at vi skulle få sjå og erfare hans kjærleik, og kyrkja har eit kall å formidle dette.

For ein del år sidan så eg filmen «Pay it forward» om den unge guten Trevor som tek læraren si oppmoding om å utvikle og sette ut i livet ein plan som kan endre verden til det betre.

Trevor set godheit i system. Han gjer ei teneste for tre personar han ikkje kjenner, og ber kvar av dei om å betale for tenesta ved å gjere ei teneste for tre andre menneske, som deretter skal gjere noko for tre andre menneske. Når kvar som opplever godleik gir den vidare, vert snart eit heilt samfunn forandra.

Jesus kom for å forandre eit heilt folk, han kom for å knytte oss saman med Gud, og hans ubetinga godheit og kjærleik. Samtidig kan vi som den unge guten Trevor la Guds godleik prege oss i våre relasjonar og i våre ord, og slik kan også vi vere med å forandre eit heilt samfunn.

Biskop Nicolaus Nsanganzelu i Mbulu bispedømme i Tanzania avslutta ein samtale vi fekk med ham i september med denne oppmodinga: «Forkynn evangeliet om Jesus Kristus, det forandrar den einskilde og samfunn», og i siste nummer av Bibelselskapet sitt blad vert det same understreka. I møte med kristne på Haiti er det «biblar» dei etterspør, kvifor? «Berre Guds ord kan bryte den vonde sirkelen», seier dei.

«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv». (Joh. 3.16)

Kom og sjå! Jesus er verda sitt håp!


Andakt i Vestlandsnytt fredag 8.6.2018