Det beste i livet er gratis

Av: Erhard Hermansen
15/10-2017

Gjennom 2017 markerer vi at det er 500 år sidan den Lutherske reformasjonen, og i kyrkjene er det sett av eige temagudstenester denne hausten. Søndag er ein slik, med tema ”frelsa er ikkje til sals”. Frelsa vert rekt oss gratis av ein nådig Gud, ei gåve som Gud gir av kjærleik. Guds frelse står i skarp kontrast til tanken om at vi kan bruke Guds gåver for sjølv å oppnå sosial, økonomisk og politisk status.


Pastor Erhard Hermansen

45 Medan heile folkemengda høyrde på, sa han til læresveinane: 46 «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper og likar å ta mot helsingar på torget, sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod. 47 Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»

1 Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista. 2 Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar. 3 Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre. 4 For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»
Lukas 20.45-21.4

Tore Laugerud har skrevet ein refleksjonstekst til denne søndagens tema. Der skriv han ”I takt med at menneskets muligheter har økt, har våre behov og vårt begjær skapt et samfunn som er ekstremt innrettet på forbruk. Nå truer det med å gjøre hele kloden til en ørken. Hvordan kunne dette skje? Mennesker som søker makt og rikdom har forstått at de kan oppnå det ved å spille på menneskets sterkeste drivkrefter: de uutslokkelige begjæret, de umettelige behovene. Derfor studerer reklamefolk psykologi og fysiologi for å finne ut hvordan våre mest uiomotståelige stimuli kan pirres. Slik dreies konsumkulturen i en stadig raskere spiral. Ved siden av dette finnes det et annet svar som går dypere. Arnold Eidslott har uttrykt det slik: ”En tyv har tatt det beste fra meg og båret det langt bort. Han har båret det langt bort. Jeg vet ikke hva det er, men at det er det beste vet jeg for mine fylte hender gir meg ingen glede”. En tyv har tatt det beste fra oss og båret det så langt bort, at vi har glemt hva det er. Men savnet får oss til å fylle hendene med ting som ikke gir glede”.

Ole Paus har sagt ”Vi har alt, men det er også alt vi har” og søndag har eg tenkt å bruke Anne Grete Preus sin song ”Har alt” i min tale, for vi har alt, men ”gleden har hull i lomma”, og som Anne Grethe Preus syng ”Jeg har alt – men ingenting å ha det i”.

I eit samfunn kor lykke målast i kva vi eig og korleis vi ser ut, er evangeliet det frigjerande bodskap om noko som er gratis, og om ei lykke som går over ein kvar jordisk lykke.

Ein ven av meg sa: ”Den er fattig, som berre er rik på pengar”.

Eg kjenner meg så privilegert som har fått besøke andre delar av verda og møtt menneske som har gitt meg så mykje glede. Menneske som ytre sett ikkje har så mykje av dei goda vi anser som sjølvsagt, men som bær med seg ei glede som langt overgår mykje av det eg ser her heime. Det gjer noko med meg. Dei har lært meg mykje.

Det gjeld i livet, og det gjeld med trua, frelsa er ikkje til sals! Den er ei gåve som du får om du tek imot. Jesus seier ”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” (Joh. 3.16)

Evangeliet tyder ”gode nyheiter” og dette er eit bodskap om glede, folkens, og om håp!

Folkens, ”det beste i livet er gratis”!

Andakten stod på trykk i Vestlandsytt 13.10.2017