Om Erhard Hermansen

Erhard Hermansen er hovedpastor i Herøy Frikyrkje.

Det er eg flink til!

Av: Erhard Hermansen
03/09-2017

”14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei det han eigde… 19 Då det hadde gått ei lang tid, kom herren heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: ‘Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.’ 21 Då sa herren til han: ‘Bra, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’ 22 Så kom han med to talentar fram og sa: ‘Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.’ 23 ‘Bra, du gode og trugne tenar!’ svara herren. ‘Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!’ 24 Han som hadde fått ein talent, kom òg fram og sa: ‘Herre, eg visste at du er ein hard mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strødde ut. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.’ 26 Då sa herren til han: ‘Du dårlege og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strødde ut. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har...”
Matteus 25.14-30


Pastor Erhard Hermansen

Eg er glad i jobben min og synes eg gjer ein ganske god jobb! Eg likar å synge og synes eg syng ganske fint! Ikkje typisk norsk å sei det, og heller ikkje heilt likt meg å gjere det. Men alt for ofte prøver vi å skjule det vi er gode til, og mange er redd for å stikke seg fram og sei kva dei har lyst til å gjere, eller kva dei er gode til.

Gud skapte deg unik og uendeleg verdifull, med gåver og talent som du kan bruke for å hjelpe andre og glede andre. Du er inga kopi! Ingen i verdshistoria har vore som akkurat deg, og ingen kjem nokon gong til å vere akkurat slik. Difor er det viktig at du er du, og ikkje prøver å vere nokon annan, eller held tilbake det du har fått av talent og gåver. Vi lever i ei kultur kor samanlikning er uunngåeleg, men når du prøver å vere lik nokon andre går faktisk verda glipp av det unike ved akkurat deg. Når du ikkje brukar dei gåver og talent du har fått til glede og hjelp for andre går vi glipp av noko viktig.

Den lange bibelteksten over fortel korleis det daglege arbeidet skal gjerast, samfunnet skal styrast, naturen skal vernast, fritida skal nyttast til gagn og glede både for ein sjølv og andre. Han som har skapt deg, har og kalla deg, til å tena Gud i kyrkje og i samfunn, til beste for kvar einskild.

Med på vegen går Gud, og du kan be om visdom til å gjere dei rette vala og sjå verdien av det arbeidet du gjer, sjølv i dei enkle små ting. Kvar og ein av oss kan ha ein betyding i andre menneskes liv bare med å vere den vi er.

Du er ønska og elska, og Gud har ein plass til deg og ein oppgåve for deg.

Du er verdifull, det fineste Gud har skapt
Så sørg for at ingenting av deg går tapt
Du er verdifull, og du passer kjempebra
Til akkurat det Han bruke deg til idag.

Du er unik, som brikker i et puzzlespill
Der passer ingen, ingen andre inn
For han som har skapt deg, han har gjort deg spesiell
Fordi han vil at du skal fylle plassen din

Andakt i Vestlandsnytt 1.9.2017