Om Erhard Hermansen

Erhard Hermansen er hovedpastor i Herøy Frikyrkje.

Gud er nær!
- I det gode og fine og i det mørke og krevjande!

Av: Erhard Hermansen
16/07-2017

«... Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? 5 Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. 6 Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’ 7 Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending...”.
Lukas 15.1-9


Tru handlar om å stole på, det handlar om at eg kan legge heile mi tyngde på Jesus. Det er på same måten som når eg setter meg på ein stol. Eg stolar på at når eg legg heile mi tyngde på stolen, så held det, det ber, skriv pastor Erhard Hermansen i andakta som stod på trykk i Vestlandsnytt 20.7.2017.

Gud er kjærleik, og vi kan ikkje gjere oss fortente til Guds kjærleik. Den kan vi berre ta imot. I år feirar vi at det er fem hundre år sidan den lutherske reformasjonen, og det var dette som gjekk opp for Martin Luther; at frelsa ikkje var avhengig av kva han sjølv kunne utrette, men eine og åleine av Guds nåde.

Verken vi eller frelsa er eit produkt av kva vi sjølve får til, men vi er Guds verk, vi er skapte til gode gjerningar, men om vi ikkje får til å gjere ein einaste ting, er vi likevel Guds elska barn, av berre nåde.

I Bibelen kan vi lese om Gud at “Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til” (Apg. 17.28). Eg veit ikkje kort bevisst du er på kor nær Gud er deg, og kor høgt han elskar deg. Eg har i løpet av dei siste åra hatt mange tunge og vanskelege dagar, eg har hatt fleire spørsmål enn svar, eg har kjent kor krevjande livet kan vere, men eg har også kjent meg trygg på at Gud er nær meg. I det gode og fine, og i det mørke og krevjande.

Gud har funne meg, og eg kjenner meg elska. Eg veit at utan Jesus kjem eg ikkje til Gud, og utan Gud har eg ikkje en allmektig Far som har lova å vere nær meg alle dagar. Han har ikkje lova meg enkle løysingar, men han har lova meg sitt nærvær.

Tru handlar om å stole på, det handlar om at eg kan legge heile mi tyngde på Jesus. Det er på same måten som når eg setter meg på ein stol. Eg stolar på at når eg legg heile mi tyngde på stolen, så held det, det ber.

Jesus, verda sitt lys, mitt lys, seier i Matt. 11.28 “Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!” Når vi kjem med hele vår tyngde, han har lova “kvile”. Ordet kjem av gresk og tyder eigentlig pause. Han har lova oss kvilepausar i vårt kvardagsliv. Han lover ikkje å løfte oss ut av det vi strevar med og er bekymra for. Men han lovar oss eit tilfluktsstad, ein kvilestad der vi kan ta pauser saman med ham. Få krefter, nytt mot og lyst til å leve vidare.

Kristenlivet er ikkje ein salig rus, men å få eige fred og vite at vi ikkje er åleine.

Trur du at Gud elskar deg, og at Jesus er vegen til Gud? Han gjer det! Kanskje skulle du i dag vedkjenne for nokon at du trur på Jesus Kristus, kanskje gjer du det for aller første gang. Likninga frå Lukas 15 om gleda over den eine gjenfunne sauen fortel om ei stor glede i himmelen, ei glede over kvar einaste ein som tar imot ham.