Om Benni Wiencke

Ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

Den barmhjertige DU!
Luk 10:27-37

Av: Benni Wiencke
04/07-2017

I bibelen står det ofte skrevet at vi skal elske vår neste og vere snill eller god mot vår nabo. Det står til å med at vi skal elske, velsigne og be for våre fiendar! Bibelen fortel om vanlege ting som vanlege menneske kan fullføre. Du treng ikkje vere ein teolog eller prest eller noko som helst anna enn deg sjølv for å gjere det som står skrevet i bibelen. Du trenger berre å vere du.


Benni Wiencke

Eg lærer mine barn å be til Gud. Dei ber alltid før dei legg seg i senga om kvelden. Først ber dei etter meg og når dei blir litt eldre byrjar dei å be sjølv med eigne ord. Og dei ber om det dei sjølv vil be om. Ein av barna mine ber for eksempel alltid om at dei som har pengar gir av sine pengar til dei som ikkje har pengar. Og at dei som har ein ledig jobb gir dei som treng jobb den jobben. Han ber om at dei som har mykje gir til dei som har lite. Hus, mat og alt anna dei moglegvis treng. Eg lærte han ikkje å be sånn, han gjorde det av seg sjølv.

Nå er det sånn at vi her i Norge, og andre plassar, ofte tenkjer at om vi vil hjelpe dei som treng hjelp må vi sende pengar eller kle til Afrika eller noko liknande. Men det vi ikkje ser eller legg merke til er at dei som treng hjelp kanskje bur i huset ved sidan av. Kanskje bur dei i nabobygda. Kanskje bur dei nabokommunen!

I fortellinga om "Den barmhjertige Samaritan" møtes to menneske som bur på kvar sin plass i verda. Dei er eigentleg fiendar. Om den historia vart skriven i dag då kunne vi ha skrevet om ein Manchester United supporter som hjelpte ein Liverpool supporter. Eller ein Rosenborg supporter som hjelpte ein Molde supporter. Eller ein Herøyværing som hjelpte ein Ulsteinvikar!

Vår neste kan vere så mange. Og eg vil meina at din neste er alle dei du treff i løpet av ein dag. Din neste kan vere ei eldre dame som ikkje klarer og bære posane sine heim frå butikken. Eller ein ung gut som har punktert sykkelen sin. Eller naboen som slit med å få grasklipparen til å funke. Eller ein som sit i bilen sin ved sidan av vegen og ikkje får start.

Vi har veldig mange moglegheiter til å vere "Den barmhjertige Samaritan" i vårt nærområde og eventuelt utover det. Om vi ser etter dei moglegheitene som finns der ute, kan vi lett finne dei. Spørsmålet er, vil du vere den barmhjertige du?

Eg utfordrar deg til å sjå etter moglegheitene til å hjelpe andre i større grad enn du har gjort hittil. Det betyr nødvendigvis ikkje at du må bruke meir pengar for å kunne hjelpe andre. Kanskje treng folk berre litt av din tid og kunnskap. Litt av dine krefter og styrke.

Eg håpar at du blir oppmuntra til å bli "Den barmhjertige Du"!