Om Benni Wiencke

Ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

Godt nytt år!

Av: Benni Wiencke
20/01-2017

No har vi byrja eit nytt år. Nye utfordringar. Nye mål. Idet eit nytt år byrjar, prøvar vi ofte å endre noko i livet vårt. Nokon skal endre kroppen sin. Dei byrjar på treningsstudio for å trene seg opp til ein sterkare, slankare kropp. Nokon skal endre sinnet sitt. Tenkje på ein annan måte. Nokon skal slutte å røyke. Nokon skal bruke mindre tid på sosiale media og meir tid i lag med familie og vener. Nokon skal kjøpe ny bil i år. Nokon skal finne kjærleiken i år.


Benni Wiencke

Vi har forskjellige mål og utfordringar. Men det som er viktig er at vi gjer alt vi gjer av rett grunn. Ikkje begynn og endre deg sjølv på grunn av kva andre sei du burde gjere. Du må leve etter din eigen overtyding. Eg kan ikkje endre min eigen kropp berre fordi nokon andre meiner at no er eg altfor feit. Eg kan byrja å trene og slanke meg, men om eg ikkje gjer det ut frå min eigen tanke og min eigen overtyding, så kjem eg aldri til å fullføre det eg har byrja med.

Eg har for eksempel bestemt meg fleire gonger for at ”eg skal slanke meg så og så mykje før sommaren”. Men, eg har aldri nådd måla mine. Eg har prøvd å bruke alle slags program og teknikkar, men eg får det ikkje til. Mitt problem har vore at eg ikkje har nokon eigen grunn for å trene. Eg ser på TV, høyrer på radio, les i aviser eller på nettet at eg skal vere så og så stor og med min høgde skal eg ha det eller det målet.

Det største spørsmålet i alt dette er uansett om du er fornøgd med deg sjølv? Er du glad i deg sjølv? Om du liker deg akkurat slik som du er nå, då MÅ du jo ikkje endre noko! Du bestemmer sjølv kva du må gjere og kva du ikkje treng å gjere. Men hovudpoenget må vere at du blir fornøygd med deg sjølv og glad i deg sjølv.

Men misforstå meg rett nå. Du må ta vare på kroppen din. Du fekk den kroppen når du vart fødd og du skal bruke den kroppen til du døyr. Difor må du ta vare på den. Det kan du gjere utifrå dine eigne grunnar, med dine eigne reglar. Du bestemmer korleis du tek vare på den.

I Bibelen står ”at kroppen dykkar er eit tempel". Og akkurat som eit tempel som er laga av stein, må vi ta vare på vårt kroppslege tempel. Om tempelet går i stykkar då har vi ingen plass for vår sjel og ande.

Vi kan også overføre dette til sinnet eller tankegangen vår. Vi kan bruke same metode på nesten kva som helst. Om det gjelder å slutte å gjere noko eller å byrje å gjere noko. Du må bestemme sjølv og gjere det på din måte sånn at du blir fornøgd og glad.

Eg har for eksempel bestemt at eg no skal ta tak i min kropp, men med min tidsplan og på min måte. Om eg ikkje bestemmer sjølv at nå er det nok med aukande omkrins rundt midja, så kjem eg aldri til å gjere noko med det.

Oppsummering: Ikkje gjer noko berre fordi ein annan sa at du skulle. Du bestemmer sjølv kva du gjer. Bli fornøgd med deg sjølv. Bli glad i deg sjølv. Gjer endringar utifrå eigen overtyding.