Om Benni Wiencke

Ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

Kvifor Jul?

Av: Benni Wiencke
26/12-2016

Kjære vener, no er det snart jul. Barna har høge forventningar og det merker vi godt. Dei vaksne er litt stressa og det merker vi også godt. Alle veit at no blir det snart dagar med god mat, fellesskap og gåver. Ein del av oss elskar denne årstida, mens andre ikkje likar den i det minste. (Juleandakt i Vestlandsnytt 23.12.16)


Benni Wiencke

Men kvifor gjer vi det vi gjer? Kvifor feirar vi jul? Er det for å få gåver? Er det for å gje gåver? Er det for å vere i lag med familien? Er det for å få litt fri frå jobb og skule? Eller, er det kanskje ein større grunn til at vi feirar jul? Har det kanskje noko med ein veldig annleis person å gjere? Skal jul kanskje handle om den eine som kan kome med den skikkelege julestemninga? Den som får alle barn til å smile, alle vaksne til å bli glade. Den som gjev dei beste gåvene! Ja, jul handlar om juleniss…nei, vent litt, eg meiner JESUS!

Det er nemleg sånn at jul handlar om Jesus sin fødsel. Korleis Gud kom til verda som eit menneske for å frelse oss.

Ofte syns eg at vi legg alt for lite vekt på at det er Jesus sin “bursdag” når det er jul. Veit barna våre at det er på grunn av Jesus at vi feirar jul? Eg håper det. Eg håper at dei ikkje trur at jula handlar om gåver og mat. Gåvene og maten er berre ein del av bursdagsselskapet til Jesus. Festen skal handle om han. At han, som lever i dag, kom til oss. Han vart fødd av Maria møy, i Bethlehem, og skulle til slutt døy for vår sin skuld.

Derfor skal jul vere ein fest fylt med glede, fred og kjærleik. Ein fest der vi tar oss tid til å vise våre nærmaste at vi sett pris på dei. Ein fest der vi kan vere takknemlege for alt vi har, der vi ikkje berre tenkjer på det vi ynskjer å få, men der vi ser det vi har! Vi bor i eit land der vi kan sei og gjere nesten alt vi vil og det er noko vi kan vere veldig takknemlege for. Jula skal vere ein fest der vi viser våre yngste interesse, spelar og leikar med dei. Ein fest der vi viser våre eldste merksemd og respekt, snakkar med dei og høyrar på kva dei har å seie. Ein fest der vi hjelper dei som treng hjelp og støttar dei som treng støtte. Det er det Jesus hadde ynskja seg til jul: At vi kunne elske kvarandre slik han elskar oss.

Ta vare på deg sjølv og dine nærmaste. Ikkje fortap deg i julestress og gåver. Jula kan bli heilt perfekt sjølv om du gløymer sausen eller potetane. Pass på at du ikkje misser den eigentlege julestemninga. Nyt jula og alt som jula bringer. Og hugs at vi feirar Jesus når vi feirar jul.

Derfor Jul!