Om Benni Wiencke

Ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

Orda våre!

Av: Benni Wiencke
28/09-2016

Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild. (Kolossarane 4:6)


Benni Wiencke

I dag er det veldig enkelt å uttrykke seg på mange forskjellige måtar. Vi har sosiale medier som Facebook, Twitter, Instagram og liknande, som gjer det veldig enkelt å finne ut alt om alle. Alle har meiningar om alt og alle. Og no er det også sånn at om du skriver noko på sosiale medier, då blir det der for alltid. Det kan være veldig vanskeleg å slette det som ligger ute på internett.

I tillegg kommer det faktum at ord kan skade eller påverke eit menneske meir og i lengre tid enn fysisk angrep. Du kan legge eit plaster på eit sår, men du kan ikkje legge plaster på sjela.

Derfor er det veldig viktig at vi tek oss i vare med kva vi seier. Ord kan øydelegge og bygge opp (Ordtaka 18:21, Jakob 3:9-10). Eit stygt ord kan følgje eit menneske for resten av livet. Men eit godt ord kan være noe eit menneske bygger på og lever etter resten av livet.

Eg er kanskje ikkje ein veldig gamal mann, men eg hugsar ennå visse ord som nokon sa til meg og dei påverka meg veldig då eg var ungdom og ein god tid etter det. Ord som blei sagt utenkt og i frustrasjon. Eg fekk unnskyldning med ein gong frå personen, men uansett så satt orda i meg i lengre tid.

Eg las nett ei forteljing om ei mor som prøvde å forklare for dottera si kor vanskeleg det er å ta ord tilbake. Ho sa: ”Tenk at du har ei tube med tannkrem. Så tømmer du tuben på ein tallerken. Det er enkelt. MEN, no skal du få tannkremen opp i tuben igjen! Det er vanskeleg. Du blir skitten på hendene, tallerkenen blir skitten og tuben blir skitten. Det er ikkje mulig å få det til utan at alt blir heilt skittent!”

Sånn er det også når vi seier noko. Om du seier noko du ikkje skulle ha sagt då er det vanskeleg å ta det tilbake. Den du snakkar med, eller skriver til/om, blir såret, du får dårlig samvittigheit, relasjonen mellom dokke to blir ikkje det same etter det om det var ein person du har forhold til. Alt kan være påverka av dine ord.

No er eg både far og ungdomsarbeidar og eg ser dette både heime og på jobben. Barn og ungdomar spesielt blir knuste og øydelagde veldig fort og enkelt med bruk av feil eller stygge ord. Eg bruker ein stor del av mi tid som far og som ungdomsarbeidar til å hjelpe dei som har dårlig sjølvbilde pga ord som nokon sa eller skreiv om dei eller deira familie.

Før du seier eller skriver dine tankar til nokon annen tenk for deg sjølv, ”Om mine ungar, mine vener, mi familie skulle høyre dette frå nokon annen, kva skulle eg seie då?”

Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei. (Lukas 6:31)

Andakta stod på trykk i Vestlandsnytt 23.9.2016