Fiskarkona

Av: Erhard Hermansen
16/12-2015

Det finst ei legende av brødrene Grimm som heiter ”Fiskeren si kone”. Legenda er slik; Det var ein gong ein fattig bonde som budde saman med kona si i ei enkel jordhytte. Dei var så fattige at dei ikkje hadde det dei trengde for å ete seg mette. Ein dag, då det ikkje var meire mat igjen, visste ikkje mannen anna råd enn at han gjekk ned til elva for å fiska. Han fiska heile dagen, og til slutt, då kvelden kom, fekk han ein fisk. Det var ein stor fisk, men då han skulle til å drepe den, ropte fisken plutseleg: ”Nei, drep ikkje meg. Om du kastar meg i elva att og lar meg få leva, skal eg oppfylle tre ønskje for deg”. Det syntest mannen høyrdes bra ut og kasta fisken uti igjen. Han skunda seg heim til kona si, men ho vart ikkje glad. ”Dette er berre noko sludder som du har funne på sidan du ikkje fekk noko fisk”, sa ho. ”Nei, det er heilt sant” sa mannen. ”Berre sjå.. eg ønskjer at vi hadde eit deileg måltid mat på bordet”. Med eitt var bordet fylt med dei lekraste rettar. Men då vart kona for alvor sinna og sa: ”Så dum du er! No har du allereie brukt opp eit av ønska, berre på eit måltid mat. Du kunne jo ha ønskt deg noko mykje betre”. Og ikkje før hadde ho sagt det sa mannen: ”Eg ønskjer at vi hadde eit nytt og fint hus”, og med ein gong stod dei inne i eit flott hus med mange rom og fine møblar. ”Nei og nei så dum du er”, ropte kona igjen. ”Tenk å bruke opp eit ønskje berre på å ønskje seg eit vanleg hus. Sei ikkje meir før vi får tenkt oss godt om. No har vi berre eit ønskje igjen. Vi kan få det enda betre enn dette huset kan du vel skjøna. Eg skulle ønskje at vi hadde ein konges slott, nei enda finare: eit slott som Gud sjølv kunne bu i”. Og mannen gir seg endå ein gong. Han gjer som kona vil. Han ønskjer seg eit slott som passar for sjølve himmelens Herren, og med eitt er den store og fine huset deira borte, og dei står i ein skiten stall, med ei krubbe på veggen og høy på golvet.


Erhard Hermansen

Som menneske tenkjer vi kanskje som fiskarkona, at Gud, Han som er over alle, Han må ha det finare og større enn alle andre. Der Gud er må det vere lys, glans og ære. Og det er sant. Gud bur i eit lys dit ingen kan kome. Men jula sin bodskap fortel oss at Gud ikkje berre er usynleg i himmelens lys. Gud er komen til oss som eit menneske. Jesus kom frå Gud, og han vart som ein av oss. Då han kom, valde han ikkje eit slott, men ein stall, ein liten og skiten stall, med krubbe på vegg og høy på golv. Han vart ikkje fødd inn i fyrste- eller kongeslekt, ikkje i ein prestefamilie, men i ein snikkarfamilie som ikkje fann anna rom enn blant dyra.

Slik skulle det verte tydeleg at han var for alle. Ikkje berre for dei store, mektige og rike, eller dei som forstod seg best på Gud, men i ein snikkarfamilie. Han kom til ein heilt vanleg familie, kanskje ikkje så fattig, men i alle fall ikkje rik. Og eg trur at han blei fødd i ein heilt vanleg familie for at vi skal skjøne at Jesus er for alle, og at han vil bu hos alle.

Gud elskar alle, og vil kome nær alle. I Johannes 3.16 står det ”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv”.

Vi trur på ein Gud som vart menneske. Vi trur på ein Gud som er så stor at han kan bli heilt liten. Vi trur på ein Gud som har all rikdom og makt, men som gir det frå seg for vår skuld. Vi trur på ein Gud som passar i ein liten, skiten stall, med krubbe på veggen og høy på golvet.

“.. og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei. Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren”. (Lukas 2.7-11)

”For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste”. (Jesaja 9.6)

Med ønske om ei velsigna julefred til de alle!