Appelsin, lys, og eit stor Hosianna!

Av: Erhard Hermansen
25/11-2015

Vi sat på fotballbanen for ein liten månad sidan. Fire karar som snakka om utvalet av julebrus, julemenn og adventskalendarar som alt var komne i butikkane. Eg fortalde at eg nokre dagar tidlegare hadde vore i Arendal og der bugna varehusa av juletre. Sjølv om vi var samde i at jula starter for tidleg, var det nok også litt forventing, sjølv for vaksne karar.


Slike samtalar minner meg også om at det viktigaste i livet lett druknar i mange viktige ting, men som likevel ikkje er det viktigaste, i alle fall er det slik når det gjeld jula.

Eg har samanlikna det med ein appelsin. Skal du nyte ein god appelsin må skalet først av. Men, om ingen hadde fortalt meg det, eller vist meg det, kunne eg tru det var med appelsinen som med eit eple, det var berre å ta eit saftig jafs. Det hadde vorte ei stusseleg oppleving. Det beste ved ein appelsin ligg inni i skalet.

Skal Jesus, jula sin hovudperson bli noko meir enn en hyggeleg person, må vi sjølve bli kjent med Han. Jesus avviste ingen menneske. Uansett kven dei var eller kva dei hadde gjort, viste han dei kor glad Han var i dei, og kor mykje kvar enkelt betydde. Eg treng den påminninga kvar dag. Eg får rekne med Gud som ser meg og som bryr seg om meg, som elskar meg og tek imot meg, uansett kva eg har gjort.

Jesus seier om seg sjølv at Han er lyset for verda, Han vil vere eit lys for oss, så vi både ser Gud, og ser korleis vi skal leve i forhold til andre menneske. Difor er det viktig at vi ikkje gjer kristendomen til “staffasje”, men sjekkar ut innhaldet. Første søndag i advent lyder eit Hosianna i kyrkjene våre, ordet kan tyde ”ver helsa”, men og ”gje frelse”, og vi kjenner ordet best frå Jesu inntog i Jerusalem. Folket tok kleda sine og palmegreiner, la dei på bakken framfor Jesus og helsa Han velkomen.

Martin Luther King jr. sa at å ”tru er å ta det første skrittet sjølv når du ikkje ser heile trappa”. Den som tek sjansen på å ta det første skrittet, han eller ho vil verkeleg få kjenne Gud. David skriv i Salme 34 ”Smak og sjå at Herren er god, sæl er den som søkjer tilflukt hos han” (Sal. 34.9) Det er ikkje før du har noko på tunga og smaksløkane gjer jobben sin, at du kan bestemme deg for om du vil svelge ned eller spytte ut. "Smak og sjå at Herren er god" seier David. Det går ikkje an å spytte ut noko du ikkje har smakt på, og du kan ikkje kaste noko du ikkje har hatt i handa først! Difor er mi oppmoding til deg å smake, kjenne etter, og skal vi ta David på ordet og om du vil høyre på mi eiga erfaring, vil vi alle kunne kjenne smaken av Gud. Om vi vågar, vil vi oppleve at Gud er god. Vil vi oppleve at smaken av Gud er smaken av siger og kjærleik.

Det finst mange flotte og fine adventssongar. Adventssongen ”Et lite lys” av Petter Ole Kopperstad bærer bod om det innhaldet eg kjenner vi alle treng å verte minna om, difor har eg også vald den til bruk i kyrkja gjennom adventstida. God advent!

Et lite lys

Et lite lys er tent i dag
for alle jordens søsken
For Han som fødtes i en stall
- for håp og lys i mørket

To lys vi tenner for vår Gud
og Sønnen som Han sender
Vi følger dette livets lys
- til Frelseren oss vender

Tre lys er tent og skinner klart
Vi står her i vår advent
Vi venter Ham som kommer snart
- Et gledesbud er utsendt

Så står de fire flammelys
og vi er nesten fremme
En verden evig ren og ny
- skal alltid være hjemme

Petter Ole Kopperstad