På pilegrimsvegen!

Av: Erhard Hermansen
01/07-2015

Då Jesus kom til bygdene ved Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: «Kven seier folk at Menneskesonen er?» Dei svara: «Somme seier døyparen Johannes, andre Elia og atter andre Jeremia eller ein annan av profetane.» «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» Så forbaud han læresveinane strengt å seia til nokon at han var Messias.
Matt. 16.13-20


“Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje”. Kva var det som var så spesielt med Peter? Ikkje anna enn at han var villig, slik Jesus har brukt vanlege menneske sidan. Vanlege menneske, som med sine vanlege ord og liv fortel om ein mektig Gud.

På mannen som kort tid etter skulle fornekte all kjennskap til Jesus, satsa Frelsaren, Jesus Kristus likevel å byggje si kyrkje og gav ham namnet Peter, klippen.

Det gjorde Jesus fordi han visste at Peter sin styrke ikkje låg i hans kunnskap og innsikt, men i hans tru “Du er Messias”, sa Peter, og “Eg trur, hjelp meg i mi vantru” var Peter sin ærlege bøn. Peter let seg overtyda om si synd når han svikta, han tok imot tilgjeving når han fall, og vågde difor tru det når Jesus seinare seier ”Fø mine lam” og set han i arbeid som formidlar av Guds evangelium.

Slik kom evangeliet til Herøy. Ei kyrkje vart reist og vi møtes her kvart år “i den frie luft” slik Bjarne Rabben skriv i ei av sine salmar. Vi gjer det som ein demonstrasjon av at det er meir enn tradisjon. Det er Jesus Kristus, i går, i dag og til evig tid den same, det heile handlar om.

For som Bjarne Rabben skriv ”Lik slektene som kom og kvarv her søkte trøyst og styrke, me og i denne ånd og arv vår Gud i tru vil dyrke. Kom, kvar og ein, søk saman der Guds ånd og ord er framme. Den som i Herrens hender er, skal aldri bli til skamme. Ved Jesu Kristi dyre kross har alle kristne funne at det er han som søkjer oss med frelsa han har vunne. Han einast er vår veg og von til evig liv og sæle. Syng pris og ære til Guds Son, alt som har munn og mæle!”

Eit kyrkjehus vert bygd av stein eller tre. Ein kyrkjelyd vert bygd av levande steinar, av menneske som møtes for å dele den kristne tru, for å ta imot ordet om Guds kjærleik, for å kjenne korleis den nedbøygde vert reist opp.

Vi er pilegrimer, vi er på veg, på veg mot den æve som Gud har lova kvar den som trur på Jesus Kristus og som med sine vanlege ord og liv vedkjenner seg han. Søndag starter vi dagen i Indre Herøy Kyrkje med morgonbøn før vi legg ut på ein kort pilegrimsvandring frem mot gudstenesta på Herøy Gard. Undervegs skal vi med enkle refleksjonar lyfte frem ham som har skapt himmel og jord, han som er vår Far!

”Kven seie folk av menneskesonen er?... Då svara Simon Peter ”Du er Messias, den levande Guds Son”.