Kongen kjem!

Av: Erhard Hermansen
10/04-2014

12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge! 14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive: 15  Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, kongen din kjem ridande på ein eselfole. 16 Dette skjøna ikkje disiplane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten. 17 Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. 18 Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. 19 Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.» 20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. 21 Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» 22 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. 23 Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. 24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

Johannes 12.12-24


Erhard Hermansen

Eg er så heldig å ha fått vere med i Herøyspelet i fleire år. Ganske tidleg i spelet kjem ein sekvens der nokre barn ropar “kongen kjem” og koret stemmer i same strofe, “kongen kjem”. Og der kjem han, Olav den heilage, og med han kom kristendommen til Noreg.

Palmesøndag i Jerusalem lyder like friske, spenstige rytmer, “Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!"
Kong Jesus kjem, ridande, audmjuk, ja på eit esel, slik det lyder i profetien om han.

For, han kom for å tene. Der, audmjuk på eselfolen viser han verda nettopp det. Nokre dagar seinare, på skjærtorsdag, knelar han ned for sine disiplar og vaskar føtene deira. Langfredag ser vi det same. Han gir sitt eige liv på Golgata, det fullkome, perfekte liv, som ei soning for verda sine synder. Han kom ikkje for å herske, men for å tene, ja betene deg og meg.

Det er grunn til jubel, til å rope hurraropet “Hosianna, Velsigna vere han som kjem i Herrens namn”. Han er kongen som kom for å gje sitt liv for deg og meg.

Der Kong Olav kristna Noreg med makt, opnar Kong Jesus ein veg for kvar den som trur til evig liv med Gud.

Kongane våre, Håkon, Olav og no Harald har alle hatt same valspråk: “Alt for Norge”. Det er eit uttrykk for teneste i dette valspråket. Kong Jesus gav ikkje uttrykk for noko valspråk, men vi som kjenner han veit korleis det ville ha lydd, “Alt for deg”. Jesus gjorde alt for deg!

Johannes skriv om Jesus “For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv (Joh. 3.16).

Hosianna betyr “Gje frelse”, og det er ein bøn vi alle kan be i dag, i takksemd til han som gav livet sitt for kvart menneske, og i visse om at han vil vere med alle som påkallar han kvar dag til vi ein dag er heime hos han i himmelen.

Andakten stod på trykk i Vestlandsnytt 11.4.2014