Kva vil du eg skal gjera for deg?

Av: Erhard Hermansen
17/01-2012

“...På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over han som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede”. Markus 1. 3-11


Godt nytt år!

Det var morgon på midten av -90 talet. Eg var komen til Oslo Østre Frikirke der eg jobba. Eg hadde kjent lenge at eg var sliten, men trudde eg framleis kunne halde på. Etter morgonsamlinga i kyrkja gjekk eg opp på kontoret for å starte med det daglege arbeidet, men kom ikkje i gong. I staden kom tårer, frustrasjon og opplevinga av å vere sliten og trøytt.

Eg pakka saman, reiste heim og la meg. Eg hugsar ikkje om det var same dag, eller ein av dagane som fylgde, men ei historie frå Bibelen stod plutseleg så klart for meg. Historia om Noah og dua han sende ut. ”Så sende han ut dua for å sjå om det hadde vorte mindre vatn på jordoverflata.  Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og vende attende til han i arka, for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. Han venta sju dagar til og sende så dua ut att frå arka. Då det leid mot kveld, kom dua til han. Og sjå, ho hadde eit grønt oljeblad i nebbet. Då skjøna Noah at det hadde vorte mindre vatn på jorda.” (1. Mosebok 8.8-11)

Når dua ikkje fann nokon stad å slå seg ned vende den tilbake til arka for å kvile.

Gradvis forstod eg. Eg trengde å kome tilbake til Jesus, til kvila han gjev! Han er mi ark! ”Han gjev den trøytte kraft, og den som ikkje har krefter, gjev han stor styrke”. (Jes. 40.29)

Etterkvart kom styrken og gleda tilbake!

I Markus 1 høyrer vi korleis Jesus ein dag kjem til Johannes for å la seg døype, og straks Jesus stig opp av vatnet skjer det ”Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over han som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede”.

Gud stadfester son sin, og han gjer det ved å sende sin Ande over Jesus som ei due.

Dua har gjennom tidene vore brukt til å kommunisere. Vi bruker ikkje lenger brevduer, men dua symboliserer framleis den kommunikasjonskanalen som til alle tider er den viktigaste og mest aktuelle, nemlig Den Heilage Ande, som hjelper oss til å sjå Jesus og forstå kor avhengig vi er av ham.

I forteljinga om Noah kommuniserer dua redninga. Dua ber bod om tørt land. Den Heilage Ande som kjem over Jesus, kjem også til oss, for å vise oss Jesus, kven han er og kvifor vi treng ham.

Jesus seier ”Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!” (Matt.11.28), og fleire gongar seier han; ”Kva vil du eg skal gjere for deg?”.

I 2012 treng vi å kome tilbake til Jesus, hente kvile og kraft, inspirasjon og rettleiing til det livet vi skal leve.

Uansett kva som vil møte oss i 2012 vil Jesus vere med oss!