Pastor i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
04/02-2009

15. mars vert Erhard Hermansen innsett som pastor i Herøy Frikyrkje, men han har allereie hatt sin fyrste arbeidsdag. Frå 1998 - 2006 (det siste året i permisjon) var Erhard Hermansen pastor i Herøy Frikyrkje og er nå tilbake i stillinga.


Erhard Hermansen har tidlegare arbeidd som barne- og ungdomsarbeidar i Oslo Østre Frikyrkje, som FriBU- og Speidersekretær ved Frikyrkja sitt hovedkontor, som pastor i Sula Frikyrkje og tilsynsmann i Vestre Presbyterium. Han har ei tid arbeidd som assisterande maritim personalsjef og som lærar.

Fram til sommaren vil Erhard Hermansen arbeidde i 50% stilling medan han avsluttar sitt noverande arbeid, men frå sommaren vil han vere i 100% stilling. Erhard er gift med Camilla Lovise og har tre born.

I tida fram mot sommaren vil Erhard Hermansen ha sitt fokusområde knytt til forkynning og gudstenestearbeidet. Pastor Geir M. Lande vil nå i større grad konsentrere seg om kyrkjelyden sitt barne- og ungdomsarbeid.