Haustens fyrste familiegudsteneste.

Av: Trond Espeseth
12/09-2008

Den fyrste familiegustenesta for hausten 2008 var søndag den 31. august.


Konfirmantane for 2009 (f.v.) Jan Olav Voldsund, Ole-Martin Goksøyr, Emil Storøy, Hilde Kristin Kvalsvik, Tomine Sævik, Sara Elisabeth Lindal og Amalie Smoge Sævik.

Jannike opna med preludium etterfulgt av Jon Peter med velkomstord og bøn. Pastor Geir M. Lande presenterte og bad for konfirmantane saman med Jon Peter. Jannike hadde med seg lovsongsteamet som leia kyrkjelyden i lovsong.

Andakt var ved pastor Geir som las frå Paulus' brev til efesarane, Kapittel 1: 13-14. "I han høyrde de sanningsordet,evangeliet om frelsa dykkar. I han kom de òg til tru, merkte med seglet til Anden, Den Heilage, han som var lova," "han som er pantet på arven til Guds eige folk blir sett fri, til lov og pris for hans herlegdom."

Vi, Guds eige folk er forsegla og merka med Den Heilage Ande. Det betyr at vi er på vinnarlaget, med del i dei same kreftene som Jesus vann siger med. Den pant på vår arv er sjølvaste Guds Ande, og kan illustrerast med eigenskapane til vatn, ild, vind og ei due. Anden gjer reint, gjev varme og energi, set i bevegelse, kjem med fred og bod til og frå Gud.

Kristoffer og Jon Peter bad om leiing og kraft, bad for kyrkjelyden, lokalsamfunnet, kyrkjesamfunn og landet vårt.Etter familiegudstenesta baud Petra og Alvhild på stor kyrkjelunsj med pastasalat, rundstykke, saft, sjokoladekake og kaffi.