Har du lyst å konfirmere deg i Herøy Frikyrkje? Klart du kan!

Av: Administrator
13/05-2020

Vi arrangerer informasjonsmøte om konfirmasjonsåret 2020/2021 på kyrkjetorget i Herøy Frikyrkje 04.06.2020 kl. 18:00. På grunn av smittevernregler ber vi om at kvar konfirmant kun har med seg ein føresatt.


Vi er klare for å ta imot og bli kjent med mange nye ungdommar! Kanskje du er klar, eller kanskje du kjenner nokon som vil ha eit flott konfirmantår?

På informasjonsmøtet vil vi fortelle om opplegget vi bruker og også korleis samlingane blir. Vi vil legge til rette for to/tre turar i løpet av året. Forhåpentlegvis vil året kunne gå som normalt.

Vi pleier å ha samlingar to mandagar i månaden og oppmøte på nokre ungdomskveldar (fx) og gudstenester. Konfirmasjonshelg vil være siste helga i april; 24. og 25. april 2021. Påmelding kan skje frå og med informasjonsmøtet og fram til fristen 11.06.2020.

Du er velkommen som konfirmant hos oss!

Har du spørsmål eller noko du lurer på?

Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt med:

Ungdomsarbeidar Daniel Oviedo: 940 80 739
epost: daniel.oviedo@frikyrkja.no
eller
Kontormedarbeidar May Myren: 414 32 987
epost: may.irene.myren@frikyrkja.no