Ledig stilling i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
25/03-2020

Vi søkjer etter Barne- og familiearbeider 50%, eventuelt eittåring 100%.
Stillinga er eit vikariat i tidsrommet aug 2020 til aug 2021.


Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje i Herøy har nærare 450 medlemmar. Mange frivillige saman med hovudpastor, ungdomsarbeidar og kontormedarbeidar gir eit variert tilbod til barn, unge, vaksne og eldre. Vi flytta inn i nytt kyrkjebygg i 2011, og no søkjer vi etter:


Barne- og familiearbeider 50%, eventuelt eittåring 100%.

Stillinga er eit vikariat i tidsrommet aug 2020 til aug 2021.

Arbeidsoppgåver:

Leie kyrkjelyden sitt arbeid med barn og familiar.
Dele Guds ord for barn og vaksne.
Saman med frivillige vere med og drive Awana søndagsskule, familiegudstenester, trusopplæring og arbeid retta mot barnefamiliar.

Kvalifikasjonar:

Relevant utdanning. Erfaring vert vektlagt og kan erstatte formell utdanning. Arbeider strukturert og sjølvstendig. Har evne til å organisere arbeidet retta mot barn og bygge team.
Den som vert tilsett er forplikta til å lære og leve i samsvar med Guds ord og Den evangelisk Lutherske Frikyrkje si vedkjenning.

Oppstart aug 2020. Løn og arbeidsvilkår etter Frikyrkja sitt regulativ. For meir informasjon kontakt hovudpastor Knut Magne Dalsbø, på telefon 700 87 800 eller pr. epost. Søknadsfrist: 29.03.20. Søknad sendast: knutmagne@frikyrkja.no