Summercamp i Frikyrkja!

Av: Administrator
17/06-2019

I veke 26, (24. til 30. juni) er det Summercamp i Herøy Frikyrkje. Alle er velkomne til gode sommardagar der ein er i lag og har det kjekt. Det blir aktivitetar, kafé, undervisning, møter, sport, samvær og musikk for alle generasjonar.


Desse tilreisande er med som talarar/musikarar/aktivitetleiarar: Phyllis Ndugire, Christo Voordouw og Mats Kristian Øverås Selven.

Phyllis Ndugire frå Kenya vil ha aktivitetar og samlingar med barna alle kvardagane, samt tale på eit kveldsmøte.


Phyllis Ndugire

Christo Voordouw frå Nederland er låtskrivar, musikar og evangelist og vil ha ungdomsklubb, lovsongsmøte og konsert i løpet av veka.


Christo Voordouw

Mats Kristian Øverås Selven frå Trondheim er tidlegare fotballspelar og trener, jobbar for å oppnå UEFA C trenerlisens, og vil lede mennenes sportssamlingar.


Mats Kristian Øverås Selven

Av lokale krefter kan det nemnast at det vert konsert med Bjørn Prytz og Fred Frantzen, kveldsmøte med Stephen Thomas og kvinnekveld med Jutta Brandal som også er arrangør.

Last ned programmet her: SummerBibelCamp 2019.pdf