Spørreundersøking om gudstenestene

Av: Administrator
05/03-2019

Herøy Frikyrkje er med i læringsnettverket «Vekst». Ei av temaene handlar om gudstenestene, korleis vi kan skape gudstenester som er attraktive for den komande generasjonen. Samtalen har starta rundt dette arbeidet i menigheita og vi treng innspel på kva som er viktig for deg med tanke på gode gudstenester.


Tanken er at spørreundersøkinga skal vere noko av grunnlagsmateriale for ei gruppe nedsatt av eldsterådet som skal jobbe fram eit forslag om fornya gudstenester. Gruppa er ikkje valt enno, men mandatet vert kunngjort for menigheitsmøtet.

Vi vonar at du kan ta deg tid til å gå inn på linken og svare på dei 10 spørsmåla om gudstenester. Det tar 2 minutter :). Her er linken: https://no.surveymonkey.com/r/F7KJ5Z9