Internasjonal Julefest

Av: Administrator
25/12-2018

Velkommen til Internasjonal Julefest i Herøy Kyrkje Laurdag 5. januar 2019 kl. 16:30.


I år inviterer vi igjen til internasjonal julefest i Herøy Kyrkje. Her kjem både norske og innvandrarar saman. Alle er velkomne!

Ta med litt mat på fat – kald eller varm, salt eller søtt.

Det blir program for liten og stor, song og ei lita overrasking, så koser vi oss og har ei god tid ilag.

Be med deg vener og kjende, kom for å spreie litt juleglede!

Beste helsing frå Herøy Kyrkje, Herøy Frikyrkje, Flyktningetenesta og Frivilligsentralen.

God Jul!