Fellesmøte i Herøy med pastor Egil Svartdahl

Av: Administrator
12/12-2018

Torsdag 14. februar til søndag 17. februar 2019 vert det fellesmøte i Herøy med TV2-pastor Egil Svartdahl. Reisa heim vert tema for samlingane. Egil Svartdahl er kjent for mange som pastor og programleiar. Svartdahl er utdanna konditor, og vart tidleg engasjert i forsamlingsarbeid. Han har vore både ungdomspastor og søppelkøyrar, og tv-programma han lagar ber preg av at han har ekte interesse for menneska han intervjuar.


Pastor og programleiar Egil Svartdahl vert talar for fellesmøta i Herøy 14.-17. februar 2019. (Foto: TV-inter)

- Alle menneske har si eiga livshistorie. Til denne historia knyter det seg som regel ei trushistorie. Nokre gongar får livet avgjerande betydning for trua, andre gongar frå trua avgjerande betydning for livet, seier Egil Svartdahl, som tek turen til Sunnmøre på nyåret.

I tv-serien “Reisen hjem” møter han norske kjendisar som fortel trushistoria si. I tv-programma får sjåarane ta del i både ei ytre og ei indre reise om kva som har vore avgjerende for tru og tvil hjå kjendisane, og korleis oppvekst og bakgrunn i kyrkje og forsamling har vore med på å prege livet – på godt og vondt.

Egil Svartdahl vart tilsett i TV2 før kanalen kom på lufta i 1992, og han har kombinert programleiarjobben med pastorteneste i Filadelfia Oslo sidan 1995. Hans brukar både alvor og humor i talane og føredraga sine, noko som gjer dei til sporsetjarar for dei som lyttar og ser. Han mottok Petter Dass-prisen i 1995, Medierosen i 2005 og Økumenikkprisen i 2011 av Norges Kristne Råd.

- Når eg reiser rundt i Noreg, møter eg mange trushistorier. Blir du med på reisa heim? Undrar TV2-pastoren.

Det er Den norske Kyrkja (DnK), Herøy Frikyrkje og Sion Gurskøy som har arrangert fellesmøta i Herøy dei siste åra. For neste års fellesmøte vert også forsamlinga Betania Fosnavåg med i arrangørnemnda. Roger Kvalsvik fortel at dei gler seg til å få besøk av Svartdahl.

- Vi håper at mange allereie no set av desse dagane på nyåret i kalenderen. Dagar der vi kan få påfyll, vere saman tverrkyrkjeleg og verte utfordra på tematikken om “Reisa heim”. Dette vert spennande, synest Kvalsvik.

Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes