Awana – Kva er det?

Av: Administrator
09/09-2018

Fleire har vel no fått med seg at vi skal starte med eit nytt søndagsskuleopplegg som heiter Awana. I Herøy Frikyrkje vil det på søndagane vere søndagsskule for tre grupper: Puggles for dei på født i 2016 og 2015, Cubbies for dei født i 2014, 2013 og 2012, og Sparks for dei født i 2011, 2010 og 2009. På fredagane er det TnT for dei i 5. til 7. klasse.


Awana søndagsskule

Men kva i alle dagar er no Awana? Her kjem litt generell informasjon frå Awana:

Kva?

Awana er ein misjonsorganisasjon som tilbyr kyrkjer og organisasjonar eit solid undervisningsmateriale som bidreg til at barn og unge får lære Jesus å kjenne. Vidare legg Awana til rette for at foreldre får reiskap og språk til å snakke om tro med barna sine.

Barn og unge skal få oppleve gode relasjonar, leiare som likar å vere saman med dei, som gir dei merksemd og blikkontakt, – og mest av alt ønsker vi å leie dei inn i relasjon til Gud, vår Far. Han som elskar med ein evig kjærleik. Vi må bygge relasjonar med barn og ungdom for å kunne tale inn i liva deira og vere truverdige.

Vi vil at barn og unge skal ha kunnskap om Guds Ord – og at det dei lærer skal ha relevans både for kvardagen og for evigheita.


Awana T&T

Korleis?

Barn går gjennom ulike utviklingsfaser, og det er viktig å ha respekt for at dei er forskjellige – og at dei lærer på ulike måtar, jfr Howards teori om ulike intelligensar. Uansett kva teori ein legg til grunn, vil barn og ungdom alltid ha eit behov for tryggleik og stadfesting. Vi vil at barn skal kjenne seg sett og trygge når dei kjem på ei Awana samling, og vidare at modning skal få skje i individuelt tempo. Dette leggast det til rette for særleg i smågrupper.

Ei Awana samling består av 3 element; Undervisning, smågruppe og lek/relasjonsbygging.
Vi trur at smågruppene er den beste staden for barn og unge til å stille spørsmål og undre seg saman med trygge leiarar. Her blir dei tatt imot og respektert for sine refleksjonar.

I Awana får alle barna og ungdommane kvar si bok som dei kan lese og samtale om heime. Dette får vi gode tilbakemeldingar på at har vore ein god hjelp til å snakke om tru saman. Dei som ikkje blir lest saman med heime, blir ivaretatt i smågruppene på samlingane.
Vi ønsker å disippelgjere og utruste slik at trua er mobil og flyttbar den dagen dei flyttar heimafrå.

Du kan lese meir om mellom anna Awana Norge, Kvifor, Tallenes tale og Teologisk grunnlag på www.awana.no/om/