Frikyrkjetreff

Av: Administrator
30/08-2018

For et par år sidan kom det eit ynskje frå nokre om å ha eit felles arrangement for sunnmørsmenigheitene. Før i tida hadde vi leirar, haustmøte og lignande som samla mange frå menigheitene her.


Det vart oppretta ein komite med ein person frå Sula, Ørsta, Ålesund og Herøy. Målgruppa no var 60 pluss.

I fjor haust hadde vi fyrste samling i Ørsta, ein laurdag på dagtid.Dei som var der då uttrykte at dette var kjekt og verdt å satse på.
Komiteen har no planlagt eit nytt arrangement laurdag 29 sept. i Sula Frikirke.

Vi startar med ein uformell kaffikopp, deretter møte/bibeltime med Eivind Landro og song og musikk ved Oddgeir Nossen. Så blir det middag med ulike rettar (sjå program). Denne må ha påmelding. Så blir det stort sangmøte, med bl.a. «Min song» med ein frå kvar menigheit, innslag ved Sulagutane, Jan Hovden, Kjetil Lillesæter, og Kjell Magne Møgster.

Håper mange frå Herøy vil ta turen. Vi ynskjer alle velkomne.