Takkefest for Pastor Erhard Hermansen!

Av: Administrator
30/08-2018

Velkomen til takkefest for Erhard laurdag 15. september kl. 20.00!


Bli med og takk Erhard for engasjementet og innsatsen, omsorga og gleda han har gitt oss som pastor i Herøy Frikyrkje, i kyrkjeleg samarbeid i regionen og i lokalsamfunnet elles over mange år. Og vi ønsker han lykke til i ny jobb som Generalsekretær i Norges Kristne Råd.

Det blir fyrst eit festmøte med song og musikk, helsingar og diverse innslag i kyrkjesalen, før vi samlast på kyrkjetorget til festsamvær med mat og prat.

Dersom de ønsker å kome med ei kort helsing til Erhard i festmøtet set vi pris på om de formidlar dette til Jon Peter Frøystad på jonpef@online.no på førehand.

På vegne av festkomiteen,

May Irene Myren