PASTOR i heil stilling

Av: Administrator
24/08-2018

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje i Herøy har nærare 450 medlemmar. Mange frivillige saman med ungdomsarbeidar, barne- og familiearbeidar, kontormedarbeidar og prosjektarbeidar i konfirmantarbeidet gir eit variert tilbod til barn, unge, vaksne og eldre. Vi flytta inn i nytt kyrkjebygg i 2011, og no søkjer vi etter:

PASTOR i heil stilling


Vi ser etter deg som vil:

Dele Guds ord og spele på lag for å nå visjonen vår om «Alle om bord» - saman med mange barnefamiliar, eit veksande tal konfirmantar, dyktige frivillige, i samarbeid med eldsteråd og stab.
Jobbe i nytt kyrkjebygg midt i sentrum og ha god kontakt med lokalsamfunnet.
Leie stab og dagleg drift

Vi ser etter deg som har:

Eit solid fundament i trua på Jesus.
Lyst til å møte menneske
Evne til å organisere, inspirere og bygge team.
Sans for struktur og jobbar sjølvstendig.
Relevant utdanning og/eller erfaring.

Som tilsett er du forplikta til å lære og leve i samsvar med Guds ord og Den evangelisk Lutherske Frikyrkje si vedkjenning.

Oppstart etter avtale. Løn og arbeidsvilkår etter Frikyrkja sitt regulativ. Ta gjerne kontakt med leiar i eldsterådet, Jan Magne Goksøyr, tlf 990 15 114, for meir informasjon. Send søknad til: janmagne@goksoyr.com. Vi oppmodar både kvinner og menn om å søke.