Familiehelg på Fjordly!
21. - 23. september

Av: Administrator
28/06-2018

Hjarteleg velkomen til familiehelg for store og små i alle aldra på Fjordly ungdomssenter.
Det blir spennande møter, eige barnemøte, ungdomssamlingar, fotballturnering, leik og friluftsliv, familiegudsteneste og mykje, mykje meir.


Samling for dei minste på Familiehelg på Fjordly 2017

  • Fjordly er ei "perle ved fjorden", og ligg lunt og vakkert til mellom holmar og skjer like vest for Bryggja i Vågsøy kommune på nordsida av Nordfjorden.
  • Staden har dei siste åra gått gjennom ein omfattande oppussing og fornying, og framstår no med gode og moderne fasilitetar.
  • Fjordly ungdomssenter har eit flott uteområde med stor terrasse, tilgang til Fjordly barnehage sitt uteareal, fotballbane, volleyballbane, sandvolleyballbane, turområde, badebrygge og kanoar, kajakkar og joller. Her kan alle generasjonar trivast.


Bryggja i Vågsøy kommune på nordsida av Nordfjorden.

Pris, full pensjon weekend (fredag kveld til søndag ettermiddag):

  • Vaksen: kr. 1150,-
  • Tenåringar 13-18 år: kr. 700,-
  • Barn 4-12 år: kr. 500,-
  • Barn under 4 år: gratis
  • Familiepris: kr. 3200,-

Eventuelle tillegg:

  • Leige av sengkle og handkle, per person: kr. 100,-

Dersom kostnaden er ei utfordring, ta kontakt med oss i staben så finn vi ei løysing.

Bli med!

For informasjon og påmelding:

Kontakt May Myren
Epost: heroy@frikyrkja.no
sms: 414 32 987

innan 10.september