Kortreist pilegrimsøndag i gamle fotefar
Smak og kjenn på ein god tradisjon med å gå i tusen år gamle spor etter tidlegare kyrkjegjengarar.

Av: Administrator
26/06-2018

Den tusen år gamle kyrkjestaden Herøy har nyleg vorte utpeikt som ein av dei fem nøkkelstadene i Møre og Romsdal for den offisielle Kystpilegrimsleia til Nidaros, og dei siste åra har gudstenesta under spelhelga på Herøy også vorte utvida med pilegrimselement.


Gudstjeneste på Herøy Gard

Det startar med morgonsong i Indre Herøy kyrkje før deltakarane kan gå til fots til Herøy – eller tek båten til kyrkje slik ein har gjort gjennom hundreåra. Nytt i år er at så mange som det er plass til kan få reise med sunnmørsjekta Anna Olava medan dei andre deltakarane anten tek beina fatt eller set seg på bussen.


Sunnmørsjekta

Rita Knotten Torvik frå Pinsekirka Sion Gurskøy, Knut Magne Dalsbø frå Den norske kyrkja og Erhard Hermansen frå Herøy frikyrkje fortel at også det å gå langs vegen til Herøy har vore ei god oppleving for dei som har gjort det.

- Her kan ein få ein liten smak på pilegrimsvandring til fots, ei vandring med ro til å tenke på målet som ventar der framme.

Og på Herøy og den tusen år gamle kyrkjestaden ventar utegudsteneste. I år er det prosten på Søre Sunnmøre, Ingeborg Matre, som er med i tillegg til representantar frå dei tre kyrkjene som er med og arrangerer; Den norske kyrkja i Herøy, Herøy frikyrkje og pinsekyrkjelyden Sion. Og under gudstenesta tek ein i bruk element frå den nye liturgien for pilegrimsvandrarar.

Himmel over liva

Rita Knotten Torvik, Knut Magne Dalsbø og Erhard Hermansen seier gudstenesta under spelhelga er med på å trekke opp dei verkeleg lange linjene og vise korleis generasjonane vever seg inn i kvarandre.

- Det gjer noko med oss å samlast til gudsteneste på ein stad der folk har samlast i nesten tusen år. Det handlar om djupe røter, men det viser oss også at menneska til alle tider har ønskt ein himmel over liva sine.

Gudstenesta vert avslutta med Herøyspel-koret som syng «Herøy havland».

Vandring gjennom tusen år

Vandringa eller båtseglasen til Herøy skjer i samarbeid med Herøy kommune og Herøy kystmuseum. Det same er den kulturhistoriske vandringa som går seinare på dagen. Samtidig med første framsyninga av «Kongens Ring» vert ein losa gjennom historia til Herøy av Håvard Hatløy ved Herøy kystmuseum. Han fortel om dei første vikingkongane som la til her, om andre storkarar, prestar og handelsmenn. Men det handlar også om kvardagsliv og handelsliv – og kanskje om klosterliv på øya? Og kvar var det bøddelen avretta folk? Og fødde Anna barnet sitt etter ho vart gravlagd?


Vandring på Herøy Gard

Historiene er mange og ei vandring med Håvard Hatløy vil gi deg eit spennande innblikk i øya si lange historie. Dagen avsluttar du med framsyninga av «Kongens Ring» der du kan leve deg inn i korleis dei hadde det på øya i år 1027.