Økumenisk storfamiliegudstenste og skaparverkets dag

Av: Administrator
22/06-2018

«Han skapte skogen og han skapte vannet» lød songen under den økumeniske storfamiliegudstenesten på allmenningskaia sist søndag. Verda står overfor store utfordringar mellom anna knytt til klimaendringar, plastforsøpling, og urettferdig fordeling. Under den økumeniske storfamiliegudstenesten sist søndag markerte kyrkjene sitt ansvar for å ta vare på skaparverket.


Sommarfest i Fosnavåg vart avslutta med økumenisk storfamiliegudsteneste med fokus på vårt ansvar for å verne om skaparverket. Barnekoret Happy Hearts frå Frikyrkja var mellom dei som deltok (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik / Vestlandsnytt).

I fleire tiår har kyrkjelydar og forsamlingar over heile landet feira skaparverkets dag, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje. – Kyrkja si feiring av skaparverket heng tett saman med vår protest mot øydeleggjande klimaendringar som rammer dei svakaste.

Hermansen, som frå hausten av er ny generalsekretær i Norges Kristne Råd, fortel at mange vel å feire skaparverkets dag som ei økumenisk gudsteneste. Han synes at årets storfamiliegudsteneste i avslutninga av «sommarfest i Fosnavåg», var ei viktig påminning til oss alle med sitt fokus på bøn for og vern om skaparverket, formidling av kunnskap og med ei oppmoding til handling.

I 2015 vedtok verda sine leiarar FN sine berekraftsmål for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikheiter og stoppe klimaendringane innan 2030. Norge har forplikta seg på desse måla og kyrkjene vil vere med å ta sin del av ansvaret, seier Hermansen.

- Gjennom mellom anna NRK sitt fokus på plastforsøplinga har vi denne våren sett korleis vårt eige nærmiljø og havet vert øydelagt. NRK sende direkte frå Runde og vi fekk sjå fuglefjellet dekka av plast som eit resultat av all plasten vi finn i sjøen og som fuglane bring med seg.


På fuglefjellet Runde lagar fuglane reir av plast i staden for gras (Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK).

Som kyrkje og kristne har vi fått eit oppdrag frå skaparen sjølv der vi blir bedt om å forvalte jorda og verne om den, og vi må jobbe målretta og kreativt for å ta vare på naturen og for ein meir rettferdig fordeling, seier Hermansen.


Vetle Storøy Hermansen (t.v.) og Linus Kopperstad leia storfamiliegudstenesta (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik / Vestlandsnytt).

Trusopplærar Elise Frøyen i Herøy Kyrkje som heldt dagens preike løfta fram nettopp kor viktig det er at vi menneske takkar for livet og vernar om skaparverket og kvarandre.

- Vi har eit ansvar overfor våre medmenneske rundt om i verda som opplev klimaendringar og naud på kroppen, understreka Frøyen.

Ho tok utgangspunkt i forteljinga om undergjerninga då Jesus metta 5000. Fokuset var på det barnet som kom med dei to fiskane og fem byggbrøda i håp om å hjelpe i ein situasjon som såg ganske umogleg ut. Barnet var villig til å dele det han/ho hadde med Jesus, og det utrulege skjedde. Dei hadde til og med meir brød igjen etter att alle munnar var metta.


Trusopplærar Elise Frøyen i Herøy Kyrkje heldt dagens preike og løfta fram kor viktig det er at vi menneske takkar for livet og vernar om skaparverket og kvarandre (Foto: Bjørnar Torvholm Sævik / Vestlandsnytt).

- Om vi våger å rekke frem hendene og er villige til å dele av det vi har kan utrulege ting skje. Vi kan dele dei talenta vi har, dei ressursar vi har, og vårt engasjement, anten det er for ei plastfri verd, eit trygt lokalmiljø eller ei verd utan fattigdom og svolt, seier Frøyen. Gud vil det beste for skaparverket og vi er del av det og kan vere reiskap for ei meir rettferdig verd.

Elise Frøyen og Erhard Hermansen fortel at det kom inn meir enn 12000 i kollekt til Kirkens Nødhjelp denne søndagen.