Har du lyst å konfirmere deg i Herøy Frikyrkje?
Klart du kan!

Av: Administrator
05/05-2018

Vi arrangerer informasjonsmøte om konfirmanttida i Herøy Frikyrkje onsdag 23. mai kl 20.00. Vi er klare for å ta imot, og bli kjendt med mange nye kjekke ungdommar. Kanskje du er klar, eller kjenner nokon som er klar for eit annleis konfirmant år? Vi håper vi kan få dele oppturar, nedturar og mange fine augeblikk ilag det komande året.


På dette informasjonsmøte vil vi fortelje om opplegget som vi brukar, og du får høve til å stille spørsmål.

Litt praktisk informasjon;

Vi legg til rette for to turar i løpet av året. Ein til nærområdet, og ein som vi reiser litt lengre vekk. Dette har vi gode erfaringar med, og det brukar å vere veldig gøy. Vi legg opp til samling annakvar veke og to gudstenester konfirmantane har ansvar for i løpet av året. Konfirmasjonshelga vil vere siste helga i april; laurdag 27. og søndag 28. april 2019.

Nokon trur ein er nøydd å vere medlem for å vere konfirmant hjå oss. Det treng du ikkje.


Du er velkomen til å vere konfirmant hjå oss uansett.


Har du spørsmål eller noko du lurer på? Du er velkomen til å ta kontakt med
ungdomsarbeidar Linn Therese Sævik; 97983305 eller Pastor Erhard Hermansen; 90061511