Ny ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
29/04-2018

Vi kan med glede fortelje at Daniel Oviedo Ibarra er tilsett som ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje frå 1. august 2018. Daniel er 24 år og kjem frå Ipiales i Colombia, ein by langt oppe i Andesfjella, på grensa mot Ecuador. Daniel studerte gitar og musikkproduksjon i fire år ved musikkonservatoriet i Bogota. Han går no på Ansgar bibelskule i Kristiansand. Daniel har vore ein aktiv lovsongsleiar, ungdomsleiar og forkynner i kyrkja han var ein del av, og han er ein svært dyktig musikar og songar. På fritida er fotball og trening høgt prioritert.


Agnes Rahm og Daniel Oviedo Ibarra

Til sommaren gifter han seg med Agnes Rahm frå Skien. Agnes byrjar frå hausten på sosionomstudiet i Volda. Ho er ei aktiv og sosial jente som er glad i trening og god mat. Kyrkja er ein viktig stad for begge to og Agnes og Daniel er eit sosialt par som likar å ha menneske rundt seg.

Agnes og Daniel gler seg til tida som kjem, til å bli kjend med Herøy, menigheita og bli enda betre kjend med Gud.


Daniel Oviedo Ibarra

Vi gler oss over at Daniel byrjar som ny ungdomsarbeidar og til å bli betre kjend med dei begge.