Forkortar fellesmøta i Herøy

Av: Administrator
31/01-2018

På grunn av uventa omstende, vert det byte av talar for fellesmøta i Herøy. Jens Petter Jørgensen har brote fot og ligg på sjukehus i utlandet og kan difor ikkje delta. Det er pastor Arvid Hunemo i frå Frikyrkja i Arendal som vert talar. Møteserien byrjar fredag 9. februar og ikkje torsdag 8. februar, slik som planlagt. Hunemo er tidlegare nestleiar i hovudstyret/synodestyret for Frikyrkja på landsplan.

Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes


Pastor Arvid Hunemo i Frikyrkja i Arendal vert talar for fellesmøta i Herøy 9.-11. februar. (Foto:  Odd Inge Uleberg/Fedrelandsvennen)

- Eg kjem til å snakke om det same som Jens-Petter Jørgensen hadde som tema, nemleg "Mykje godt til gode". Både Jens-Petter og eg er opptekne av relasjonar, så det vil eg også snakke om. Håpet mitt er at eg kan få vere til oppmuntring og inspirasjon for dei som kjem, og gje tilhøyrarane nokre utfordringar, seier Arvid Hunemo.
 
Han er gift med Lillian, og dei har tre born og seks barnebarn. I tillegg til å bruke tid på familien sin, brenn telemarkingen i frå Treungen i Nissedal for dette med formidling og forkynning av Guds ord. Han har gått på bibelskule i Oslo og studert ved The Masters's Instititute i Minnesota, USA.
 
- Då eg var ung, var eg aktiv med i Skulelaget. Etter kvart byrja eg som forkynnar i Indremisjonsselskapet, og arbeidde som det i 17 år. Seinare har eg vore pastor, og det har eg vore i 22 år. Eg kjenner pastoren i Frikyrkja i Herøy og gler meg til å ta turen til Sunnmøre, fortel Hunemo.

Arrangørane ser fram til fellesmøta, og dei gler seg over å stå saman om å forkynne evangeliet til andre. Fleire lokale songkrefter vert med på møteserien som varer til og med søndag 11. februar.

Pastor i Herøy Frikyrkje, Erhard Hermansen ser fram til årets fellesmøte.

- Når Jens Petter ikkje kunne delta, er vi svært glade og takksame over at Arvid Hunemo kunne stille på kort varsel. Han har brei erfaring frå norsk kyrkjeliv og mykje godt på hjartet. Eg håpar difor mange finn vegen til fellesmøta i år, seier Hermansen.

Det er Den norske Kyrkja (DnK) i Herøy, Herøy Frikyrkje og Sion Gurskøy som saman arrangerer fellesmøta. Dei har også fleire gongar tidlegare arrangert slike fellesmøte i lag, og har gode erfaringar med det. I nemnda for fellesmøta 2018 har desse vore med: Øystein Nerland, Bjørn Leinebø, Knut Magne Dalsbø og Bodil Karin Kvalsund i frå DnK, Erhard Hermansen frå Herøy Frikyrkje og Roger Kvalsvik og Rita Knotten Torvik i frå Sion Gurskøy.


- Det er Den norske Kyrkja i Herøy, Herøy Frikyrkje og Sion Gurskøy som saman arrangerer fellesmøta i Herøy i februar. Bak frå venstre: Knut Magne Dalsbø, Erhard Hermansen og Roger Kvalsvik. Framme frå venstre: Øystein Nerland, Bjørn Leinebø, Rita Knotten Torvik og Bodil Karin Kvalsund. (Foto: Bodil Karin Kvalsund)