Fellesmøta i Herøy:
"Mykje godt til gode"

Av: Administrator
28/01-2018

Jens-Petter Jørgensen (69) vert talar for fellesmøta i Herøy i år. Han kjem til Herøy torsdag 8. februar og har møte der til og med søndag 11. februar. For mange er Jørgensen kjent i frå Oase-rørsla. På slutten av 1970-talet starta han Oase, og var med å leia rørsla i 20 år. Han har mellom anna vore tilknytt Frikyrkja, Indremisjonsselskapet sin bibelskule i Oslo og vore lærar ved Ansgar Teologiske Høgskole i Kristiansand. I tillegg har han også gjeve ut fleire bøker.

Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes


Det er Den norske Kyrkja i Herøy, Herøy Frikyrkje og forsamlinga Sion Gurskøy som saman arrangerer fellesmøta i Herøy i februar. Bak frå venstre: Knut Magne Dalsbø, Erhard Hermansen og Roger Kvalsvik. Framme frå venstre: Øystein Nerland, Bjørn Leinebø, Rita Knotten Torvik og Bodil Karin Kvalsund. (Foto: Bodil Karin Kvalsund)

- Etter å ha reist eit langt liv rundt i heile breidda av norsk kykjeliv, har det slått meg kor mykje vi har til gode frå Gud og kvarandre. Eg vil løfte fram nokre av dei tinga vi har til gode desse fellesmøtedagane i Herøy. Stikkorda for møta vert: Tilgjeving, oppreising, ubetinga kjærleik, kraft og utrusting til kvardagsliv og teneste og lækjedom. Skal vi få tak i alt dette som vi har ståande på kontoen, forutset det at vi talar sant om liva våre slik dei faktisk er, og at vi fortel opent kva vi manglar. Utfordringa for alle forsamlingar er å skape ein ærligheitskultur der vi får mot til å invitere både Gud og andre menneske inn i liva våre, seier Jens-Petter Jørgensen.


Tema for fellesmøta i Herøy 8.-11. februar vert "Mykje godt til gode", fortel Jens-Petter Jørgensen. (Foto: Privat)

Han meiner at det dei siste åra har vore eit vårvêr i landet vårt når det gjeld økumenikk, altså samarbeid mellom dei ulike kyrkjesamfunna. 

-Få ting gler meg meir enn dette samarbeidet. Vi har så mykje å lære av kvarandre, og for dei som ikkje er aktive i kyrkje og bedehus, er det viktig å sjå at vi kristne står saman. Tema for fellesmøta i Herøy vert "Mykje godt til gode".

Det er Den norske Kyrkja (DnK) i Herøy, Herøy Frikyrkje og forsamlinga Sion Gurskøy som saman arrangerer fellesmøta i februar. Dei har også fleire gongar tidlegare arrangert slike fellesmøte i lag, og har gode erfaringar med det. I nemnda for fellesmøta 2018 har desse vore med: Øystein Nerland, Bjørn Leinebø, Magne Dalsbø og Bodil Karin Kvalsund i frå DnK, Erhard Hermansen frå Herøy Frikyrkje og Roger Kvalsvik og Rita Knotten Torvik i frå Sion.

For dei som eventuelt vil verte meir kjent med fellesmøtetalaren før han kjem til Herøy i februar, har Sten Sørensen skrive ein biografi om Jens-Petter Jørgensen som heiter "Sant om livet".