Glede og fred i haustmørket

Av: Administrator
31/10-2017

Vi inviterer til “Pusterom” i Frikyrkja på torsdag 30. november kl. 20.00. Ein stad for å senke skuldrane og finne ei lita oase i kvardagen.


Bibelen seier at Guds rike består av rettferdigheit, fred og glede i den Heilage Ande. Jesus inviterer oss til å kome til han og finne kvile. Så skal han utruste oss til å gå vidare på vår livsvandring. Vi ønsker at “Pusterom” skal være ein stad for glede og fred gjennom fellesskap i undervisning, lovsong og bøn. Ein stad der du kan ta eit skritt til sida frå kvardagens hektiske puls og sette av nokre timar til å søke Gud samen med andre som finn vegen inn frå hovudstraumen. Vi trur det vil gjere oss godt og gi oss styrke og retning inn i kvardagen. Du finn oss i kjellaren i Frikyrkja.