Sigvard Engeset - i ord og tonar

Av: Administrator
26/04-2005

Det var ei bortimot fullsett Herøy frikyrkje som søndag 10/4 tok imot eit prosjektkor frå Ørsta- og Volda Frikyrkje, til ei "annleis" gudsteneste med tittelen; "Sigvard Engeset i ord og tonar".


Dei som var til stades fekk eit nærare møte med ein stor personlegdom i norsk kyrkjeliv. Sigvard Engeset var pastor i mellom anna Ørsta Frikyrkje og Oslo Vestre Frikyrkje. Han var øvste leiar for Frikyrkja, synodeformann, men er vel først og fremst kjend for sine mange vakre songar og salmar. Det er svært få salmediktarar som er så sterkt representert i salmeboka som denne folkelege ørstingen.

I gudstenesta gjekk pastor i Ørsta Frikyrkje, Birger Løvlie, inn i rolla som Sigvard Engeset, og med god innleving og på ein lun måte fortalde han frå Sigvard Engeset sitt liv, og om bakgrunnen til dei ulike songane.

"Eg vil så gjerne syngja" var nok eit livsmotto for Sigvard Engeset, for kvar han var brukte han tida til å dikte tekstar og melodiar, etterkvart kjende og velbrukte.

I gudstenesta kom songane på rekkje og rad, "Eg vil så gjerne syngja", "Frelst jeg er gjennom lammets blod", "Visergutten", "Ikke alle dager er like", "Jesus har sett meg inn i barnekåret sitt", og mange fleire!

Songane som er skrivne av Sigvard Engeset er arrangert av Sigvald Tveit, og musikarane som medverka hadde "krydra" songane med ein ekstra porsjon kreativtet i arrangementa. Her var alt frå jazz, viser, og marsjer til klassisk song med piano og gitar som akkompagnement.

Prosjektkoret med orkester imponerte med balansert og presis song, og ikkje minst mange spanande og kreative arrangement på dei vakre Engeset-salmane. På biletet er det dirigent Hildur Sandstad Dalen som er solist

Prosjektkoret frå Ørsta og Volda og pastor Birger Løvlie medverka saman med eit svært dyktig orkester, mange solistar, og då den glade fellessongen fylte kyrkja vart det heile ein gudsteneste som ein ynskte ikkje skulle ta slutt. Songen "Visargutten" måtte syngjast opp att, før pastor Erhard Hermansen lyste velsigninga og sende alle av gårde, - litt rikare og meir glade.

Takk for besøket, og velkomne attende ved eit seinare høve!