Luther med latter

Av: Administrator
05/10-2017

I 2017 er det 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen, då han hengte opp 95 tesar mot avlatshandelen på slottskyrkja i Wittenberg. Det er truleg enkelthendinga som har prega Europa og Norge mest.


Fotograf: Kristofer Ryde

Ja, Martin Luther fekk faktisk oppkalla ei heil kyrkje/religion etter seg, i den lutherske lære og tru.

I heile 2017 reiser Ryfylke Livsgnist rundt med førestillinga «Luther med latter» - eit historisk og humoristisk skråblikk på kva Lutherdommen har ført med seg gjennom 500 år i våre bygder og byar.


Fotograf: Marianne Frestad

I beste lutherske ånd, blir det mykje humor. Ja, alt frå folk som sovnar under laaange preiker, konfirmantar som svimar av under overhøyring, ein gal teologiprofessor, pietisme, rasjonalisme, salmestrid, sørlendingar som stikk av med biskopen og fram til lovsongsdans i dag.

500 år på ca 100 minutt, der det er fire formidlarar som spelar ulike roller, er historieforteljarar og musikar – og går ut og inn av dei ulike hendingane og hundreåra.


Fotograf: Marianne Frestad

Førestillinga er tufta på historiske fakta, humoristiske vinklingar og musikalsk truverd. Det er såleis ei førestilling der publikum både får trimma lattermusklane, og i tillegg læra om kva Luther har hatt å seia for vår kyrkje-, kultur- og språkhistorie gjennom 500 år.

Førestillinga kjem til Fosnavåg og Herøy Frikyrkje laurdag 4. november kl. 19.00. Entré: kr. 200,- (familie kr. 500,-). Billettar kan bestillast på tlf. 70087800 eller kjøpast i døra.

Meir info om førestillinga: www.ryfylkelivsgnist.no

Velkomen!