Frikyrkjetreff på Sunnmøre i Ørsta laurdag den 7. oktober

Av: Administrator
08/09-2017

Frikyrkjene på Sunnmøre inviterer til Frikyrkjetreff i Ørsta Frikyrkje laurdag den 7. oktober. Gro og Arnfinn Løyning er igjen på gjesting på Sunnmøre. Arnfinn Løyning er no skuleprest og kortkursansvarleg ved Stavern Folkehøyskole. Han har også ei lita stilling som pastor i Oslo Østre Frikirke. Løyning var i mange år Frikyrkja sin øverste leder og vil dele litt frå livet som ein Guds vandringsman og trubadur. Med trekkspel og glimt i auge vil han dele frå minneboka.


Arnfinn Løyning

Ekteparet Løyning er engasjerte besteforeldre som gjerne deler litt om korleis vi som er blant dei rikaste i verda, kan dele med andre.

I hovedsamalinga er temaet ”For inkje har de fått det, for inkje skal de gi det!” På samlinga er også songkrefter med, Irene Åbrekk Kalvatn og Ålesund frikirkes mannskor.

På søndag er ekteparet Gro og Arnfinn Løyning med på gudsteneste i Sula Frikyrkje og songmøte om kvelden i Ålesund frikirke.

PROGRAM

Frikyrkjetreff i Ørsta Frikyrkje laurdag den 7. oktober

Klokka 11.30 Velkomen, kaffi og kaker
Klokka 12.00 Tema: ”For inkje har de fått det, for inkje skal de gi det!” ved Arnfinn Løyning
Og Ålesund Frikirkes Mannskor. Gåve til arbeidet
Klokka 13.30 Middag
Klokka 15.00 ”Frå minneboka, ei salig blanding” ved Arnfinn Løyning, Ålesund frikirkes mannskor, Irene Åbrekk Kalvatn, Kjersti Gulli Petersen og Gro Løyning

Pris middag kr 100 (Påmelding middag innen laurdag den 30. september til e-post: steinarnossen@gmail.com eller telefon nr 924 80 593)