Familiehelg Fjordly Ungdomssenter, Bryggja.
22.-24. September.

Av: Administrator
01/09-2017

Tema; Avsporing

Agenten Tore og Agenten Spore har avspora, og treng verkeleg hjelp til å kome på sporet å finne koda til den mystiske kista.
Vi veit at denne mystiske kista er på Bryggja utanfor Måløy. Vi har spora som fører oss fram til Fjordly Ungdomssenter 22.-24. September.


Fjordly

Her treng vi mange store og små som vil vere med på å leite etter fleire ledetrådar slik at vi kan få opna denne kista. Utan mat og drikke, duger hjelparane til agentane ikkje. Derfor har vi sikra at vi får god mat heile helga. Agentsamlingane og aktivitetane vil vere for heile familien. Du må ikkje vere redd for å invitere med deg alle vennane dine.
Håper du vil vere med å verve ulike agentar til dette spanande oppdraget!
Dette blir gøy! Fyrste familie til mølla om det skulle bli fullt :)

Praktisk informasjon:

Innsjekking 17.00-18.00 fredag 22.september.
Kveldsmat kl 18.00.

Vi avsluttar med middag søndag 24. September kl 13.00.

Pris:

Full pensjon weekend (fredag kveld til søndag etter middag):

  • Vaksen: kr. 1150,-
  • Tenåringar 13-18 år: kr. 700,-
  • Barn 4-12 år: kr. 500,-
  • Barn under 4 år: gratis
  • Familiepris: kr. 3200,-

Eventuelle tillegg:

  • Leige av sengkle og handkle, per person kr. 100,-

Vil du lese meir om Bryggja Ungdomssenter?
Sjå her: normisjon.no/regioner/region-sogn-og-fjordane/einingar/fjordly-ungdomssenter

Påmeldingsfrist 12. September.

Meld frå om du har lyst å vere med til;
May Myren:
Telefon: 41432987
E-post: heroy@frikyrkja.no

Har du allergiar eller noko anna vi bør vite om?
Gje beskjed ved påmelding.