Utegudsteneste i tide til himmelfloda

Av: Administrator
16/07-2017

Sola skein og skapte ei lys og fin ramme i frodige omgjevnader på Herøy gard søndag føremiddag. Utegudstenesta med rikeleg av musikalske innslag vart gjennomført i tide til regnet som rann resten av dagen. 
Tekst/Foto: Jan Åge Sundnes, Vestlandsnytt


Synnøve og Vegard Voldsund (Foto: Jan Åge Sundnes, Vestlandsnytt)

Tradisjonen tru vart det halde utegudsteneste på den gamle kyrkjestaden på Herøy gard i samband med Herøyspelet. 

Nokre av deltakarane hadde starta søndagen med morgonbøn i Indre Herøy kyrkje, før ei mini-pilegrimsferd i færing med årar i hand tok dei til Herøya. 

Der vart programmet innleia av pastor i Herøy Frikyrkje, Erhard Hermansen, som drog linken frå Herøyspelets tid til i idag. Spelet formidlar blant anna at kampen mellom tru og tvil ikkje var over for 1.000 år sidan. Vi møter også i Herøyspelet dei store refleksjonane om trua på Jesus Kristus, samt dei mindre, men også viktige verdispørsmåla, i eit liv, påpeika han.

Campingstolane, som utgjorde kyrkjebenkane under den opne himmelen, vart gradvis fylte opp mellom grøne tre. «Me møtest i den frie luft (...)» utgjorde dei fyrste orda i inngangssalmen, skriven av Bjarne Rabben til gudstenester nettopp på den gamle kyrkjestaden.


Foto: Jan Åge Sundnes, Vestlandsnytt
  
Ei blåsargruppe beståande av Katrine Myklebust Hauge, Marita Voldnes, Cecilia Vike, Sigrun Bigset og Dag Johan Flattun skapte tonar til gudstenesta.


Foto: Jan Åge Sundnes, Vestlandsnytt
 
Synnøve og Vegard Voldsund, som dessutan er plateaktuelle, framførte ved to høve vakker song og musikk. 

Preika stod Bjørn Leinebø frå Den norske kyrkje (DNK) for, og vi fekk høyre skriftlesing frå representantar frå både Sion, DNK og Frikyrkja under den økumeniske gudstenesta. 

Avslutningsvis stilte Herøyspelkoret seg opp, og gjennom dei rungande og flotte røystene framførte dei «Herøy Havland».


Herøyspelkoret (Foto: Jan Åge Sundnes, Vestlandsnytt)