Bli med på familieweekend på Fjordly ungdomssenter!

Av: Administrator
04/07-2017

Helga 22.-24. september ønsker vi hjarteleg velkomen til familieweekend for store og små i alle aldra på Fjordly ungdomssenter. Det blir spennande møter, eige barnemøte, ungdomssamlingar, sporløp, fotballturnering, leik og friluftsliv, familiegudsteneste, grilling og mykje, mykje meir.


Fjordly

  • Fjordly er ei "perle ved fjorden", og ligg lunt og vakkert til mellom holmar og skjer like vest for Bryggja i Vågsøy kommune på nordsida av Nordfjorden.
  • Staden har dei siste åra gått gjennom ein omfattande oppussing og fornying, og framstår no med gode og moderne fasilitetar.
  • Fjordly ungdomssenter har eit flott uteområde med stor terrasse, tilgang til Fjordly barnehage sitt uteareal, fotballbane, turområde, badebrygge og kanoar, kajakkar og joller. Ei volleyballbane er under utarbeiding ved hyttene, og ei sandvolleyballbane står snart klar fem minutts gangavstand frå hovudbygget. Her kan alle generasjonar trivast.

Pris, full pensjon weekend (fredag kveld til søndag etter middag):

  • Vaksen: kr. 1150,-
  • Tenåringar 13-18 år: kr. 700,-
  • Barn 4-12 år: kr. 500,-
  • Barn under 4 år: gratis
  • Familiepris: kr. 3200,-

Eventuelle tillegg:

  • Leige av sengkle og handkle, per person kr. 100,-

Bli med!

Påmelding til heroy@frikyrkja.no