Kjell Furnes takkar for seg

Av: Administrator
30/05-2017

Etter nesten 20 år som styreleiar i Magda Sæviks Stiftelse, takkar Kjell Furnes for seg. Ny styreleiar er Jostein Sætrenes, som vart valt inn i styret av Frikyrkja frå år 2000. Harry Valderhaug vert nytt styremedlem i stiftinga.

Josefine Spiro, Vestlandsnytt
josefine@vestlandsnytt.no


Ny styreleiar, Jostein Sætrenes i Magda Sæviks Stiftelse, stiftar Liv Sævik, tidlegare styreleiar Kjell Furnes, og nytt styremedlem Harry Valderhaug (Foto: Josefine Spiro, Vestlandsnytt).

20 år i år

Magda Sæviks Stiftsele vart oppretta av Liv og Per Sævik den 23. oktober 1997. Stiftinga fekk namn etter Per sin mor, Magda, og midlane skulle først og fremst bli brukte på kristent evangelisk arbeid, særleg retta mot barn og ungdom.

I formålet er det spesifisert at 25% skulle gå til evangelisk arbeid på Remøy Bedehus, 25% til Herøy Frikyrkje, og resten skulle styret fordele etter søknad, eller til andre aktivitetar som etter styret si vurdering best kan imøtekome stiftinga sitt formål.

I einskilde høve har det til dømes blitt forvalta midlar til tiltak i austblokk-land, som Latvia og Litauen, derimellom innreiing av barneheim.

Styreleiar sidan dag éin

– Jammen går 20 år ganske fort. Med Kjell ved roret føler eg at dette har vore i dei beste hender, sa Per Sævik under ein takketale til Kjell Furnes på 20 års-markeringa av stiftinga på Thon Hotel i går.


Per Sævik takka Kjell Furnes for hans mangeårige innsats i Magda Sæviks Stiftelse (Foto: Josefine Spiro, Vestlandsnytt).

Sjølv er Kjell Furnes audmjuk og takksam over å ha vore med så lenge.

– Det har vore givande og interessant å vere med i styret for stiftinga. Eg er ikkje utslite, for vervet er ikkje tyngande. Men eg fyller snart 81 år, og synest det er greitt med eit skifte no. Eg veit at stiftinga er i trygge hender, seier Furnes til Vestlandsnytt.


Etter nesten 20 år som styreleiar i Magda Sæviks Stiftelse, takkar Kjell Furnes for seg (Foto: Josefine Spiro, Vestlandsnytt).

Oppretta stilling i Frikyrkja

Ein av dei som tok ordet i forsamlinga var pastor Erhard Hermansen, som sjølv har nytt godt av Magda Sævik-stiftinga.


Pastor Erhard Hermansen vart tilsett i Frikyrkja takka vere Magda Sævik-stiftinga (Foto: Josefine Spiro, Vestlandsnytt).

– Eg hadde vore på jobb og sat heime i stova mi i Oslo. Eg hadde laga middag, og så skrudde eg på TV-en. Det første eg såg var Eldar Skeide (tidlegare pastor i Herøy Frikyrkje, red. anm.), som kom ned trappa i Frikyrkja og sa: «Takka vere Magda Sæviks Stiftelse, får vi moglegheit til å tilsetje ein ungdomspastor eller ungdomsarbeidar». I den augneblinken kjende eg at hjartet byrja å banke - for oppe på nordvestlandet var der ei kyrkje som trengde ein ungdomspastor, og i Oslo sat det ein med eit pastor-kall, seier Hermansen.

Han fekk jobben i 1998, eitt år etter at stiftinga vart oppretta. Kort tid etter slutta dåve- rande pastor Eldar Skeide, og Hermansen vart hovudpastor. Men barne- og ungdomsarbeidet heldt like fullt fram.

– Takka vere midlar frå Magda Sævik-stiftinga, har vi fått satse kontinuerleg på barn og ungdom. Det er vi veldig takk- same for, seier Hermansen.

Overraska med gåve

I tillegg til å løyve midlar til ei rekkje tiltak i Noreg og nokre i utlandet, har stiftinga formidla lån til tre private skular på Sunnmøre.

– Det har skjedd vet at stiftaren har tilført kapital som så har blitt stilt til disposisjon for skulane, seier Furnes. Det samla beløpet på desse låna er på ti millionar kroner, men inntil i går hadde også stiftinga sjølv eit lån. – Liv og eg såg på rekneskapen for stiftinga for nokre dagar sidan, og la merke til at det framleis står att eit lån frå Havila Holding på 2,5 mill. Då tenkte eg at i dag, når stiftinga er nesten 20 år og Kjell Furnes takkar for seg, var det ein idé at Havila Holding ettergav det lånet. Då har de litt meir eigenkapital å styre med - iallfall på papiret, sa Sævik, og vart møtt med storglad applaus.


Styret i Magda Sævik-stiftinga og nokre andre spesielt inviterte gjestar på Thon Hotel Fosnavåg i samband med skifte av styreleiar og oppnemninga av eit nytt styremedlem (Foto: Josefine Spiro, Vestlandsnytt).

10 mill. til disposisjon

Grunnkapitalen ved opprettinga av stiftinga i 1997 var på 50.000 kroner. I tillegg overførte stiftaren, ved gåvedisposisjon, 60.500 aksjar i Sævik Supply ASA. Seinare vart grunnkapi- talen auka med 1,5 millionar kroner, altså til 1.550.000 kroner. Samla gav dette midlar på om lag ti millionar kroner til disposisjon.