Vi har ledige stillingar!

Av: Administrator
18/05-2017

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje i Herøy er ein kyrkjelyd med nærare 450 medlemmar, med eit variert tilbod til barn, unge, vaksne og eldre. Frikyrkja driv også bruktbutikken "Minneriet”. I 2011 vart vårt nye kyrkjebygg vigsla. Staben består i dag av hovudpastor, barne- og familiearbeidar, og for inneverande skuleår to prosjektstillingar, samt eit stort antal frivillige.


Vi søkjer no etter:

UNGDOMSPASTOR/UNGDOMSARBEIDAR I 60 % STILLING

Arbeidsoppgåver

I tråd med vedtekne trusopplæringsplan vere med å planlegge og leie kyrkjelyden sitt ungdomsarbeid med fokus på forkynning og leiartrening.

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning. Relevant erfaring vert vektlagd og kan erstatte formell utdanning. Arbeider strukturert og sjølvstendig, evne til å organisere ungdomsarbeidet og bygge team.

Den som vert tilsett er forplikta til å lære og leve i samsvar med Guds ord og den evangelisk lutherske kyrkje si vedkjenning.

KONTORMEDARBEIDAR I 40 % STILLING

Kvalifikasjonar

Arbeider strukturert, gode datakunnskaper, evne til å uttrykke seg godt skriftleg.

For begge stillingar:

Tiltreding: 1.8.2017 (eller etter avtale). Lønn og arbeidsvilkår følgjer Frikyrkja sitt regulativ. Stillingane kan kombinerast. For meir informasjon kontakt: Hovudpastor Erhard Hermansen, telefon 70 08 78 00 eller per e-post: erhard.hermansen@frikyrkja.no

Søknadsfrist: 16.6.2017
Søknad sendes: erhard.hermansen@frikyrkja.no

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje