Kickoff for fx HERØY

Av: Administrator
09/03-2017

Laurdag 4. Mars fekk ungdomane ta i bruk den nye ungdomsavdelinga. Med fx bandet, Even Sævik og DJB vart steminga satt. Ungdomsarbeidar Benni Wiencke sa i si tale at bokstavane fx kan tyde forskjellig, men for ham var det i betydninga effekt, og fx Herøy skal bety noko for ungdom i Herøy. Effekten av arbeidet er at fleire skal få høyre om Jesus og ha ein trygg plass å kome saman.