Fokus på finnarglede i Herøy

Av: Administrator
28/11-2016

«Eg fann eg fann», sa Oskeladden i eventyret. «Jeg fant jeg fant» er også tittelen til evangelist og forfattar Arne G. Skagen si nye bok. Den 19.-22. januar 2017 vert det fellesmøte i Herøy i regi av frikyrkja, Den norske kyrkja og pinseforsamlinga Sion Gurskøy med Skagen som talar. Målet er å la fleire finne kvardagsgledene i kristenlivet.


Å hjelpe, utruste og løfte andre treng ikkje berre å skje i kyrkjebygg, det kan skje heime, på jobben eller andre stadar der vi er, seier forfattar og talar Arne G. Skagen. I januar kjem han til Herøy. (Foto: Lise Gagne)

- Gjennom fellesmøta ynskjer vi å formidle vår felles tru på Jesus Kristus. Vi vil formidle bodskapen om Jesus på ein slik måte at fleire kan finne skatten som ligg gøymd. Vi håpar på å kunne samle både deg som finn vegen til kyrkja regelmessig, deg som er der litt meir uregelmessig, og deg som aldri har vore i kyrkja. Vi ynskjer å få lov til å dele vår finnargleda i Jesus Kristus saman med deg, seier pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje.

Lovsongsband og forsongarer

Nyleg samla medlemene i fellesmøtekomiteen seg til planleggingsmøte. Eit eiga lovsongsband med forsongarer vert med under fellesmøta, det skal vere mat i samband møta, bønemøte, høve til forbøn og det vert ungdomskveld laurdag 21. januar.

Arne G. Skagen har bakgrunn som ingeniør innanfor brann- og tryggleik, men har de siste 13 åra arbeidd fulltid for stiftinga Kristent Nettverk, for å hjelpe ulike forsamlingar i inn- og utland med å vinne nye menneske for Jesus. Han er gift og har fire voksne born.

- Eg har ikkje vore i Herøy tidlegare, men gler meg til å besøkje Sunnmøre. Dette at fleire forsamlingar går saman om fellesmøte, er ein fin ting. Det er ein fordel å møte ei større breidde i den kristne familien, der vi alle har eit felles oppdrag, meiner Arne G. Skagen.

Kristent Nettverk

Han kom nett att frå eit opphald på Filippinene der Kristent Nettverk driv hjelpesarbeid.

- Dette med å hjelpe, utruste og løfte andre treng ikkje berre å skje i eit kyrkjebygg eller bedehus, det kan skje heime, på jobben eller andre stadar .

Han meiner at det går ikkje an å dele opp seg sjølv som kristen og snakka om at dette er meg og dette er den kristne delen av meg. Det å vere kristen er ein heilskap. Og det er denne heilskapen Gud vil bruke.

- Korleis kan vi snu våre daglegdagse gjeremål frå å vere hindringar til å bli moglegheiter? Middag et vi. Kan vi invitere andre til middag? Det er ikkje alltid nødvendig å gjere andre ting i tillegg til kvardagstinga. På jobben er ein med heile seg, i nabolaget, når ein er heime med eigne og andre sine born og i samspel med andre i ulike settingar. Håpet mitt er at fleire skal gjenoppdage kvardagane i lys av oppdraget Gud har gjeve oss i misjonsbefalinga som gjeld både heime og ute.

(Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes)