Man tager...  Og lager ein tombola
Man tager ein stykk pastor og ein stykk lausmunna medlem.

Av: Administrator
25/10-2016

Om vi skulle markert misjonsjubileet? Ja, det må vi få til, eg skal heller gjere det eg, ramla ut av munnen ein gong tidleg på våren. Så kom hausten og alvoret sigande. Heldigvis finst det mange gode medhjelparar og Excel. (Tekst: Torill Myren)


Det første man tager er ein stykk pastor Erhard Hermansen som vil lage misjonsgudsteneste. Det gjorde han med trøkk på misjon – og misjonsglede.

Det neste man tager er ein ektemann som kan med dampomnen på kjøkenet og som kjøper rømmegraut i stort hos Meieriene. Då kan ein gjere store misjonspengar på å selje graut for ein hundrelapp. Og kyrkjelyden var grundig informert om at dette handla ikkje om at dei skulle få seg ein hyggeleg og billeg middag. Dette skulle gi pengar i misjonskassa.


Dermed var dei to største enkeltpunkta på plass. Det neste man tager er då altså Excel. Flytskjema. Kven varmar pølser til dei som ikkje likar graut? Kven lagar kaker? (Jada, Sunnmøre, klart vi å ha kaker, også etter rømmegraut!) Kven serverer graut? Kven vaskar opp? Til kva klokkeslett? Og vi putta inn namn i firkantane. Ein time på ei definert oppgåve er det mange som kan – og vil – gi.

Og så er det sjølve moroa. Man tager mange hundre gevinstar! Kyrkjekontoret og bruktbutikken tok i mot gevinstar. Ikkje innpakka. Verdi på cirka 20 kroner. Og det hauga seg opp. Til slutt hadde vi 500 gevinstar. Takk til mange givarar. Og så er det hemmelege suksessfaktoren for å enkelt lage tombola: Man tager og kjøper ferdig rulla lodd på nettet. Til ein billeg penge. Då er det berre å telje opp gevinstar, putte rett antall lodd i store baljer og la ballet begynne.

Man tager også kjekke folk som gav gevinstar til loddbok som låg på nokre butikkar og elles gjekk si innsamlingsrunde på kyrkjekaffi fram mot misjonssøndagen, noko som også gav full utteljing.

Då sto det igjen berre å telje opp. Med kollekt fekk vi inn over 50.000 kroner. I tillegg har vi igjen 200 gevinstar som gir oss ein ekstra kjekk kyrkjekaffi seinare i semesteret – og ekstra pengar til misjonen.

Ok, så er det kanskje ikkje god takt og tone å snakke om pengar. Men skal ein drive med misjon må man tage fram lommeboka. Og du verda kor kjekt ein kan ha det medan ein gjer det. Gud til ære oss til gavn, som ho seier ei av dei med rømmegraut-ausa.