Bibelfestival med fokus på samfunnet

Av: Administrator
02/09-2016

Kulturformidlarar i heile Herøy har gått saman om å lage ein fem dagar lang bibelfestival i Fosnavåg neste veke.
– Det er fantastisk å få jobbe saman med denne gjengen, seier initiativtakar og pastor i Herøy frikyrkje, Erhard Hermansen.

Josefine Spiro
josefine@vestlandsnytt.no


Kinosjef Bjørn Holum, dagleg leiar Marvin Strand ved Madelynn Coffee, kantor Dag Johan Flattun ved Herøy kyrkje, sokneprest Bjørn Leinebø, korleiar Eva Lene Husøy for Gurskøy Soulchildren, kontormedarbeidar May Irene Myren ved Frikyrkja, pastor Erhard Hermansen ved Frikyrkja, barnearbeidar Thea Frøystad Kopperstad ved Frikyrkja, ungdomsarbeidar Benni Wiencke ved Herøy kyrkje, kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo ved Herøy kyrkje og leiar Kristin Husøy ved Herøy folkebibliotek.

– Eg var på ei nasjonal samling i forbindelse med 200 års-jubileet til det norske Bibelselskapet i mai, og det var veldig bra. Men no såg eg at generalsekretæren i Det norske bibelselskap skreiv at i Herøy på Sunnmøre køyrer dei i gang ein stor bibelfestival, og den vert minst like bra som den i Oslo. Så eg tenkjer at vi skal toppe den nasjonale samlinga!
Pastor Erhard Hermansen smiler frå øyre til øyre frå enden av langbordet i Frikyrkja. Framføre han sit 10 samarbeidspartnarar frå lokalmiljøet - alle med vesentlege roller innan kulturlivet i Herøy. Dei er såkalla «ja-menneske». For då pastoren tok kontakt med dei i juni, og foreslo å lage ein heil bibelfestival i vesle Fosnavåg, fekk han svært positive tilbakemeldingar. Det gjekk ikkje lang tid før samarbeidet var eit faktum.


Skaper kultur


– I forbindelse med 200 års-jubileet utfordra det norske Bibelselskap folk over heile landet til å gjere noko for å setje Bibelen på agendaen - ikkje berre i kyrkja, men i det offentlege rom. På det tidspunktet tok vi ikkje tak i det her, for det var planlagd ei større samling i Ålesund. Men det vart ikkje noko av, byrjar Hermansen.
– Så tenkte eg: Kva om vi kunne få til noko stort og bra i Fosnavåg, der vi inviterte folk frå heile regionen? Eg ville at vi skulle lage ein bibelfestival der vi løfter fram Bibelen på ulike måtar. Bibelen er verdas mest selde bok, og når det finst om lag sju millionar eksemplar berre i Noreg, seier det seg sjølv at det er mange som har ein bibel i huset, om den så er støva ned... Folk har ulik tilnærming og forhold til Bibelen, men alle har eit eller anna forhold til den, så la oss løfte den fram, seier pastoren.
Til å gjere dette har Frikyrkja fått med seg Herøy Folkebibliotek, Fosnavåg konserthus, Herøy kino, Den norske Kyrkje, Sion Gurskøy, Madelynn Coffee og Thon Hotel Fosnavåg.
– Vi set fokus på Bibelen på ulike måtar, men skapar også kultur ved å gjere det, seier Hermansen og held fram:
– For oss er det viktig at Bibelen er ei kjelde til tru, men vi ønskjer også å løfte den fram i ein større og breiare samanheng.

Bibelen frå perm til perm


Som ein slags paraply over festivalen, har arrangørane funne på at heile Bibelen skal bli lest høgt i dei gamle Gullfunn-lokala i Fosnavåg. Den skal bli lest samanhengande frå perm til perm, dag og natt, frå onsdag kl. 11 til laurdag kl. 19. For i følgje kontormedarbeidar May Irene Myren ved Frikyrkja, tek det om lag 80 timar å lese heile Bibelen på norsk. Det har nemleg blitt testa ut før.
– Bibelen skal bli lest av frivillige. Vi har prøvd å spørje folk om dei kunne tenkje seg å bidra med å ta ei lesevakt saman med éin annan, og så delar dei på ei tre timars vakt. Vi ser at det kan bli ei utfordring å få folk til å stille, spesielt på natta, men eg trur det skal gå bra. Om vi ikkje får tak i nok folk, skal eg lese resten sjølv, smiler Hermansen.

På biblioteket


Gjennom heile festivalen stiller Herøy folkebibliotek ut forskjellige utgåver av Bibelen som dei har fått låne av personar i lokalbefolkninga.
– Foreløpig har vi samla inn 25 biblar. Der vil vere både opne og lukka biblar som syner utviklinga av design på norske biblar, seier bibliotekleiar Kristin Husøy.
Onsdag kveld kjem forfattar Edvard Hoem til biblioteket for å halde føredraget «Bibelen - for alle?».
– Edvard Hoem er på ein måte nåtida sin «Bjørnstjerne Bjørnson». Han har skrive ufatteleg myke. Mellom anna er han kjend for bøkene «Slåttekar i himmelen» og «Bror din på prærien». Hoem har eit sterkt politisk engasjement, og han har heile tida hatt med seg ei sterk interesse for Bibelen i litteraturen. I føredraget vil han legge vekt på det, men vi har også utfordra han til å seie litt om Bibelen på andre samfunnsområde, seier bibliotekleiaren.
Fredag inviterer biblioteket til lesestund for barn, der Sigmund Aksnes skal lese frå «Min biletbibel» på nynorsk.

På kinolerretet


I Fosnavåg konserthus vert det vist filmar basert på bibelsk innhald gjennom heile festivalen. Mellom desse finn du «Leviathan» - ein prisvinnande russisk film som tek opp spørsmål om korrupsjon og maktmisbruk, men som også drøfter etiske spørsmål.
– Ein annan litt ukjend, men også kunstnarisk og djup film er den polske, svart-kvite filmen «Ida», som handlar om ei jente som veks opp i kloster under anna verdskrig. Når ho vert vaksen og skal ta eigne val, vil ho - før ho gir klosterløftet - ut og treffe familie og kjende for å kjenne litt på «det andre livet». Då treff ho ei tante som lever eit litt annleis liv, og som tek ho med på ei reise ut i verda for å vise henne noko av det som er der ute. Filmen handlar også om konflikten mellom jødar og katolikkar under krigen, seier kinosjef Bjørn Holum.
Ein annan kunstnarisk film som skal bli vist er «Far From Men», som utspelar seg i franske Algerie i 1984, medan det var krig i landet.
– Filmen handlar om ein person som er delaktig i krigen, og som skal frakte ein morddømd fange frå eit fengsel til eit anna. På reisa møter dei mange farar, og saman må dei kjempe mot ein felles fiende for ein felles fridom. Viggo Mortensen har hovudrolla i filmen, seier Holum.
Tilfeldigvis vert det lansert to nye Hollydwood-filmar med bibelske tema medan bibelfestivalen vert arrangert: «Miracles from Heaven» og «Ben Hur». Dermed vert også dei viste i løpet av dei fem dagane.
– I tillegg håpar vi å få vist «De usynlige» av Erik Poppe, og ein barnefilm, seier Holum.
Kinosjefen har også invitert filmkritikar Jon Selås i VG til å halde føredrag om bibelske tema i filmar.
– Han kjem til å halde føredraget sitt i førekant av ein av filmane, seier kinosjefen.

Bibelquiz på Madelynn Coffee


Kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy kyrkje og Madelynn Coffee samarbeider om å lage bibelquiz på kafeen onsdag kveld.
– Eg har ansvaret for quizen, medan dei som jobbar på kafeen har ansvar for å lage god mat og servere gjestane. Ein treng ikkje kunne Bibelen for å vere med, og der vil vere spørsmål som passar for alle. Kvart lag kan vere på maks fem personar, seier Brendmo.
– Det vert mogleg å kome inn og få seg eit betre måltid før quizen startar. Ein må førhandsreservere plass, men eg skal prøve å halde eventen på Facebook oppdatert, slik at folk veit kor mange plassar som er igjen. Viss det ikkje vert fullt, kjem vi sjølvsagt ikkje til å avvise dei som bestemmer seg for å kome i siste liten, seier dagleg leiar Marvin Strand ved Madelynn Coffee.

Bibelfestar for barn og ungdom


– Vi skal ha to bibelfestar: ein for barn og ein for ungdom. Den for barn er planlagd i Parken på laurdag, så sant vêret tillèt det. Gurskøy Soulchildren skal halde minikonsert, og vi arrangerer «KidsGames», som er ei form for sporløp med ulike konkurransebaserte postar og aktivitetar, seier pastor Hermansen.
På «Bibelsfest for barn» skal barnearbeidar Thea Frøystad Kopperstad ved Herøy Frikyrkje gjere dramastykke basert på barneboka «Even og Maya», som ho sjølv har vore med på å reprodusere.
– Boka er frå det glade 70-tal og har utgangspunkt i barneandakter i Vårt Land. Andaktene har på ein måte blitt skrive inn i kvardagen utifrå ei bibelhistorie. Eg skal også gjere dramastykke i Frikyrkja søndag føremiddag, seier Kopperstad.
Fredag kveld er det planlagd eit ungdomsarrangement med tittelen «Bibelfest for ungdom» i ungdomslokala i Herøy kyrkje, men detaljane rundt arrangementet er ikkje avklara.
– Men vi kan love ein superbar fredagskveld for ungdom, seier Hermansen.

Lovsongkveld


Laurdag vert det for første gong arrangert lovsongkveld i Fosnavåg konserthus, der du mellom anna får sjå og høyre Herøy Gospelkor.
– Vegard Voldsund har det musikalske ansvaret for kvelden, og han har fått med seg masse gode folk. Det vert ein musikkfylt fest, der vi løfter fram lovsongen som ein del av Bibelen si historie gjennom gode og vanskelege tider, seier Hermansen. Han oppmodar heile familiar til å kome.

Gudsteneste


Kyrkjene i Herøy skal ha felles gudsteneste i Frikyrkja søndag føremiddag.
– Då kjem bibelmisjonsleiar Bernt Greger Olsen frå Bibelselsapet, seier Hermansen. som understrekar at gudstenesta skal passe for folk i alle aldrar.

Salmekveld


Bibelfestivalen vert avslutta med salmekveld i Herøy kyrkje søndag.
– Hovudaktørane på denne er Herøy kyrkjekor og Herøy mannskor, som skal bidra med songinnslag; først og fremst bibelske salmar som ein finn spesielt mykje av i Det gamle testamentet. Kyrkjekoret kjem også til å bidra med bibelske salmar som vi bruker gjennom kyrkjeåret i kyrkja. Vi skal også ha innslag frå solist, i tillegg til at bibelmisjonsleiar Bernt Greger Olsen skal seie nokre ord, seier kantor Dag Johan Flattun i Herøy kyrkje.