Syng med på Sandell sine songskattar

Av: Administrator
28/08-2016

«Blott en dag», «Bred dina vida vingar» og «Ingen er så trygg i fare». Det er folkekjære songskattar som skal samle folk i frikyrkja på søndag ettermiddag. Då skal vi både synge og høyre Lina Sandell-songar – og få høyre meir om bakgrunnen for nokre av songane.


Elise Nærø
Foto: Pressefoto/Ytterland

Lina Sandell var ung då ho miste faren. Han drukna då ho og han var på båttur. Eit par år etter døydde mora. Og det einaste barnet til Lina Sandell døydde då det vart fødd. Likevel skreiv ho «Ingen er så trygg på ferda som Guds barneflokk i verda» og har ei rekkje tekstar om takknemlegheit.

Songane til Lina Sandel har vore til trøyst og glede for mange. Søndag skal vi glede oss over dei igjen. Runde blandakor vert med og syng mellom anna to av dei aller mest kjende songane hennar. Elise Nærø, Una Myren og Synnøve og Vegard Voldsund skal også tolke songar frå Sandell sin store songskatt. I tillegg vert det sjølvsagt mykje allsong med Elisabeth Frøystad Husøy ved flygelet og Roar Berge på bass. I tillegg skal Arnhild Giske Runde fortelje om Lina Sandell og bakgrunnen for nokre av songane.

Samlinga vert avslutta med kaffi og kaker. Det vert teke opp kollekt til Frikyrkja sitt misjonsarbeid i Japan.