Gir ein god dag

Av: Administrator
01/06-2016

Kyrkjene i Herøy byr igjen inn til ute- og fellesgudsteneste i samband med Fosnavågveka. Dei vil gi folk eit godt møte og ein god dag.


Eva Lene Husøy, Karine Sæter, Erhard Hermansen, Bjørn Leinebø, Karl Anders Brendmo og Geir Lande gler seg til storfamiliegudsteneste og at den er ein del av kulturlivet og folkelivet under Fosnavågveka.

I parken er det rigga for Fosnavågveke og gudstenesta søndag 19. juni set i gang festivalen. På gudstensta blirr mellom eit stort, felles barnekor med. I år har ein satsa på gode, eigne og lokale krefter. Lisje-Frik og Baluba frå Frikyrkja, Noah frå Remøya og PreSoulChildren frå Indre Herøy er samla til felles-song og felleskor. Det blir samsong som gir tonen for fellesskapet som fellesgudstenesta handlar om.

-Det er godt å vere i lag, vere mange og feire gudsteneste i lag på denne måten. Det viser at vi er ei kyrkje. Vi opplever at samarbeidet er styrkande og det å møtest er viktig, seier arrangørane frå Den norske kyrkja, Sion og Herøy frikyrkje.

Vidopne dører

Og det er ikkje berre arrangørane som kjenner at fellesskapet gjer godt. Det er i år åttande gongen det vert laga storfamiliegudsteneste utandørs i Fosnavåg sentrum. Gudstenesta er godt besøkt og det kjem folk i alle aldrar.

  • Folk opplever at det er ein god og kjekk plass å vere.

Men meininga med gudstenesta er ikkje berre å ha det kjekt i lag.

  • Med ei utegudsteneste er det vidopne dører inn til kyrkje. Målet er å nå ut til folk og halde ei gudsteneste som er lett å besøke og som det er lett å invitere med seg folk på.

Noko godt å by på

I gudstenesta vert i tillegg til barnekoret også god song med band som tonefølgje. Etter gudstenesta er det aktivitetar som hoppeslott og godterikanon. Det er stor kyrkjekaffi med kaffi og kaker, men det vert også selt grillmat til ein billeg penge slik at folk kan grille og ete middag etter gudstenesta. Søndagen med storfamiliegudsteneste skal på alle måtar bli ein god dag.

  • Vi har det veldig godt i Norge, men mange kjenner at dei manglar noko. Vi ønskjer å gi folk eit møte med Jesus og vise kva han betyr inn i kvardagen vår. Vi har noko å godt å by på.